Flott vårnatt i bivuakk på Bjønndalsvio (20.05.2023)

Map
Ascents Bjørndalsvida (885m) 20.05.2023
Vardanuten (881m) 20.05.2023
Vidnuten (882m) 20.05.2023

Flott natt i sovepose og vindsekk på toppen av Vio, 1m frå varden på hovudtoppen 885moh. Brukte snaut 1 ½ time frå parkeringa på Skarstøl om Ytre Jordavatnet. Ei stund såg det trugande ut med mørke skyer, men heldigvis kikka både Venus og Karlsvogna fram etter kvart, så det vart ikkje nedbør.

Fortsatt dugeleg med snø der han har fonna seg. Her elvekryssing innanfor Grindheimsstølen

Alltid fint å koma opp til Ytre Jordavatnet med Kvannenuten

Pust i bakken stilaust opp frå Ytre Jordavatnet. Det er svært vintraleg i nordhellingane

På toppen av Vio der eg tenker å overnatta

Frampå kanten med tilbakeblikk mot Grindheims- og Hjørnåsvatnet. Det sterkt nedtappa Løkjelsvatnet sjåast til høgre

Vakna som venta til blank himmel morgonen etter og tok ein roleg runde om sekundærtoppane 881moh og 882moh før retur same veg som eg kom. Då hadde det lege tett skodde nede i alle bygdene heile føremiddagen. Sjeldan flott observasjon av eit boltit par på Vio, dessutan var det mange fløytande heiloar, ein spelande enkeltbekkasin og ein del skrattande ryper. Ennå svært mykje snø og isdekte vatn i høgda.

Ingen ting å sei på utsikten frå soveposen! Hustveitsåta og Bjønndalsnuten stikk seg fram

Morgonskodda ligg tett nedi bygda. Børkjenes- og Gaddanuten kikkar såvidt oppom

881-toppen med den kjenneslege varden. Flotavatnet og Roaldkvamsnuten sjåast til høgre

Utsikt frå vardesteinen mot Flotavatnet og Ilsvatnet med begge Lysenutane

Frå 882-toppen med Bjønndalsnuten ruvande

Mot Hustveitsåta og Ramnafjellnuten. Nede i Nordre Bjønndalen kan Hydro-mastene skimtast

Frå om lag same staden mot Kvannenuten. Det er ennå mykje snø att på Vio

Retur med overblikk over Ytre Jordavatnet der isen endeleg ser ut til å tynnast

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.