Teråsen frå Øvraland (28.04.2023)
Bestigninger | Teråsen (384moh) | 28.04.2023 |
---|
Dagens tredje tur og duka for fullført pf≥100m liste for Vindafjord gjekk til lite prangande Teråsen ved Fjellgardsvatnet med turstart kl. 1720. Som dei fleste andre tok eg utgangspunkt ved Øvraland, men ville ikkje utfordra traktorvegen innover mot Røyravatnet. Ikkje for bilen sin del, men eg likar ikkje å kjøra gjennom tunet til folk. Turen er uansett ikkje lenger enn at det er lett match å gå frå hovudvegen.
Flott landskap var det innover, med den stupbratte Høgeleiken dominerande til venstre, og bakover var det like fint med høgreiste Litlalandsnuten på andre sida av Fjellgardsvatnet. Eg fann opp til Moen ved Røyravatnet og så den tilgrodde skogsvegen som svingar vestover mot Teråsen. I motsetning til fleire andre på PB som har gått for langt innover og møtt på plantefelt og bratt (e)lende, gjekk eg bare snaut 400m på vegen til forbi første krappe sving. Herifrå tok eg ut i terrenget med kurs rett mot toppen og fekk ei lett oppstigning frå aust/søraust. Her var det endåtil tilløp til sti, truleg til ein samanfallen gapahuk ved toppen.
Ingen utsikt og anonymt toppunkt, men i alle fall storfornøgd med fullført toppliste for Vindafjord. 1 ¼ time og snaut 250 hm på tur, til saman 1300 hm denne dagen og heilt greit å ta kvelden.
Kommentarer