Dyranibba frå Aksland (P-plass vest for tunnelen) (28.04.2023)


Kart
Bestigninger Dyranibba (564moh) 28.04.2023

Andre turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord gjekk til Dyranibba ovanom Aksland og starta i 15-tida. Som turen til Akslandsnuten i 2018 og forsøket på Dyranibba i 2021 starta eg vest for tunnelen og følgte den fine og bratte vegen/stien opp i Skåleskard, som gjekk unna på bare 25 min til det gamle leet der. Etter finver på første turen til Høgafjellet hadde det nå begynt å snøa, men snøen la seg heldigvis ikkje og det var grei sikt på heile turen.

Det kuperte lendet vestover til topps gjekk greit, og eg klarte å holda høgda relativt godt. Vel framme ein snau time etter turstart var det heldigvis litt sikt på den svimlande stupkanten, men sjølvsagt ikkje så fin utsikt som toppen fortener. Retur same veg og 1 ¾ timar på tur. Netto 400 hm må nok ha snaut 100 hm tillegg pga. det kuperte terrenget, altså snaut 500 hm i sum.

Frå oppunder toppen med tilbakeblikk mot Akslandsnuten og Vasstølvatnet gjennom snøbyga
Frå oppunder toppen med tilbakeblikk mot Akslandsnuten og Vasstølvatnet gjennom snøbyga
Det gamle trigpunktet som står på stupkanten og ikkje på sjølve toppunktet på Dyranibba. Rindanuten skimtast i bakgrunnen
Det gamle trigpunktet som står på stupkanten og ikkje på sjølve toppunktet på Dyranibba. Rindanuten skimtast i bakgrunnen
Utsikt mot Kvaløy gjennom snøbyga
Utsikt mot Kvaløy gjennom snøbyga

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.