Moltenuten frå Vela (30.04.2023)
Bestigninger | Moltenuten (777moh) | 30.04.2023 |
---|
Fin tur til denne framifrå utsiktstoppen som sjølv er kjennesleg frå fleire kantar. Me følgte den sørlege traktorvegen opp frå Vela, og på drygt 300 moh kom me inn på stien som leier vidare til støls. Det var såpass langt på dag at me måtte ha ein matpause her. Snøen møtte me på om lag 500 moh, og då av både den gamle og nye sorten etter bygene som feia over Ryfylke i går. Denne dagen var det derimot meir stilt og grått utan særleg nedbør.
Vel oppe på høgda var det som venta flott utsikt, og me var óg bortom utsiktsvarden før me tråkla oss forbi Lomakjelnuten på vestsida og vassa til topps på Moltenuten i nesten samanhengande snø. Då hadde me brukt litt over 2 ½ timar til varden på 777 moh. Her var det sjølvsagt endå betre utsikt, men óg ein trekk som gjorde at me gjekk litt ned i lesida mot Velavatnet for ein ny mat- og kaffipause.



Returen la me om Lomakjelen som må vera ein framifrå badekulp ein varm sommardag, deretter same trase ned att til traktorvegane, der me følgte den nordlege tilbake til parkeringa. Fasit vart 5 timar og ca. 700 hm på tur, og vinteren gjorde at det var lite liv å sjå og høyra, i alle fall i høgda. Likevel såg me ei havørn i svev over Sandsfjorden og høyrde ei grønspette kvinka i skogen.
Kommentarer