Høgafjellet frå Stokkadalen (28.04.2023)


Karte
Besteigungen Høgafjellet (598m) 28.04.2023

Endå ein dag med toppsamling i Vindafjord, og med realistisk håp om å fullføra pf≥100m lista med dei tre siste toppane. Første turen gjekk til Høgafjellet med start frå Stokkadalen kl. 1130, same start på turen som til Kjort der eg har vore to ganger. Det finst sikkert utgangspunkt for kortare turar til Høgafjellet, men turstart på Torstveit eller for den del Skigelstrand frista ikkje.

Traseen opp til Kolltveitskardet var altså velkjend, og dei 300 hm gjekk greit unna på ein snau halvtime. Herifrå gjekk det stilaust og småbratt opp på første høgdedraget på om lag 530moh. Her fekk eg toppvarden i syne første gang, og som venta var det eit stykke bort dit. Dersom eg skulle holda høgda nokonlunde, burde eg gå i ein bue på om lag 2 km, og i tillegg var det som venta nokre tverrdalar å passera.

Eg vinn høgde ovanom Kolltveitskardet og får flott utsikt mot Vats med Fuglen og Hovda
Eg vinn høgde ovanom Kolltveitskardet og får flott utsikt mot Vats med Fuglen og Hovda
På det første høgdedraget med topplatået og Lysenuten sentralt
På det første høgdedraget med topplatået og Lysenuten sentralt

Det var ennå fint ver, men meldt fare for nedbør utover ettermiddagen. Det var derfor ein god strategi å prøva denne lengste turen med litt navigering først. Eg greidde å holda den planlagde traseen ganske greit, og det var få snøfenner å ta hensyn til. Etter 1 ¼ time toppa eg ut på denne flotte utsiktstoppen, som truleg kjem litt i skyggen av marginalt høgare Kjort. Men det er det liten grunn til, for det var makelaust fin utsikt over heile Vindafjorden med både Vikedal og Sandeid. Særleg lika eg utsikten mot fjordkrysset og Bårnuten i sørleg retning.

Mot toppen med Bårnuten nedanfor og Vikedal ved fjorden
Mot toppen med Bårnuten nedanfor og Vikedal ved fjorden
Toppvarden og trigpunktet på Høgafjellet. Ellers ser me Lysenuten og Vikedal
Toppvarden og trigpunktet på Høgafjellet. Ellers ser me Lysenuten og Vikedal
Meir nordleg utsikt mot Sandeid og Ilsvåg til venstre
Meir nordleg utsikt mot Sandeid og Ilsvåg til venstre
Frå Høgafjellet mot Vindafjorden med høgreiste Bårnuten nærast og like høgreiste Grytenuten som bakteppe
Frå Høgafjellet mot Vindafjorden med høgreiste Bårnuten nærast og like høgreiste Grytenuten som bakteppe
Tilbakeblikk mot Kjort og Stokkadalen
Tilbakeblikk mot Kjort og Stokkadalen

Returen gjekk same vegen, og fordi det var like mange tverrdalar å passera brukte eg like lang tid tilbake. Det vart 2 ½ timar på tur utan nevneverdige pausar, og herved er Høgafjellet sterkt anbefalt. Utanom dei 450 hm netto til topps frå Stokkadalen vil eg anslå tverrdalane til 150 hm ekstra når ein må passera dei begge vegar slik eg gjorde, dvs. om lag 600 hm i sum.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.