Grønlifjellet frå Gislehaugen/Fjellgardsvatnet (16.04.2023)


Karte
Besteigungen Grønlifjellet (709m) 16.04.2023

Andre turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord starta i 10-tida frå Gislehaugen innerst ved Fjellgardsvatnet, same startpunkt som turen til Bjønndalsnuten der me var tilbake i 2015. Her hadde eg Grønlifjellet att på lista, ein tur som er omtalt som stilaus frå denne kanten, sjølv om det ser ut til å vera sti på kartet. Etter tilnærma skyfri første tur til Ramnafjellet denne morgonen hadde det nå skya over her lenger inne, men det var framleis fint og stilt. Til hjelp over dei snøfennene eg rekna med å møta i høgda, hadde eg med meg skistavar som skulle visa seg å koma til god nytte.

Etter nokre få 100m på stien mot Sjurdsstølen og Bjønndalsnuten tok eg beint oppover lia sørover mot toppen. Det var som venta både bratt og tungt, men med høveleg «evighetstempo» gjekk det fint. Dei første snøflekkane viste seg ved 475m-koten. Her tok eg mot venstre opp eit drag og så vidare sørover for å unngå den brattaste vestflanken på massivet. Her like over tregrensa om lag 550 moh kom eg opp til ein utsiktsvarde og kunne pusta ut litt i flatare lende. Herifrå og opp til topplatået var det ein del snøfenner og ein tverrdal som måtte passerast, og skistavane kom til god nytte.

Oppe av det brattaste partiet og over tregrensa med flott utsikt mot Fjellgardsvatnet. Litlalandsnuten stikk seg fram til venstre, og Lysenuten/Roaldkvamsnuten går nesten i eitt til høgre
Oppe av det brattaste partiet og over tregrensa med flott utsikt mot Fjellgardsvatnet. Litlalandsnuten stikk seg fram til venstre, og Lysenuten/Roaldkvamsnuten går nesten i eitt til høgre
Ein time etter turstart er eg oppe på 575moh og utsynet åpnar seg sørover mot Svartenuten og Hellehaug
Ein time etter turstart er eg oppe på 575moh og utsynet åpnar seg sørover mot Svartenuten og Hellehaug
Frå same staden mot Fjellgardsvatnet og "den andre" Lysenuten. Nærast sjåast den isdekte Stølstjødna
Frå same staden mot Fjellgardsvatnet og "den andre" Lysenuten. Nærast sjåast den isdekte Stølstjødna

Etter å ha vore oppom ein fortopp med god utsikt sørover kom eg meg opp på sjølve toppen der det var boltar etter eit gammalt trigpunkt. Då hadde eg brukt snaut 1 ½ time til topps utan nevneverdig pause. Som venta var det framifrå utsikt mot Bjønndalsnuten og -vio, massivet med Søre Såtene og Hustveitsåta og dessutan mot Gullvassnuten, for å nevna det viktigaste. Etter nokre bilder og beundring av utsikten gjekk returen same veg, og så var eg tilbake ved bilen etter snaut 2 ½ timar og 600 hm på tur.

På ein fortopp med utsikt sørover mot Gullvassnuten og Svartenuten som helst er kvitkledd nå. Nærast sjåast Halsvatnet
På ein fortopp med utsikt sørover mot Gullvassnuten og Svartenuten som helst er kvitkledd nå. Nærast sjåast Halsvatnet
Fornøgd på toppen av Grønlifjellet med Bjønndalsnuten som bakteppe
Fornøgd på toppen av Grønlifjellet med Bjønndalsnuten som bakteppe
Same utsikten med Bjønndalsnuten og -vio  dominerande. Alle vatna på rekke og rad er Krossvatnet, Djupatjødna, Botnavatnet og jamvel ein flik av Nordre Bjønndalsvatnet
Same utsikten med Bjønndalsnuten og -vio dominerande. Alle vatna på rekke og rad er Krossvatnet, Djupatjødna, Botnavatnet og jamvel ein flik av Nordre Bjønndalsvatnet
Mot Gullvassnuten til høgre og bak til venstre massivet med Søre Såtene og Hustveitsåta
Mot Gullvassnuten til høgre og bak til venstre massivet med Søre Såtene og Hustveitsåta

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.