Stranddalen frå Saurdal (10.03.2023)


Kart
Andre besøkte PBE'er Stranddalen Turisthytte (975moh) 10.03.2023

Etter fullklaff med helgeturar til Jonstølen og Krossvatn dei to forrige seinvintrane vart det ei åpning for tur til Stranddalen lengst sør i Dyraheio denne marshelga. Denne gangen var det ikkje meldt godt ver med unntak av fredagen, så me ville i alle fall få med oss godveret og dagslyset på vegen opp frå Saurdal kraftstasjon/Kjetilstadlia.

Avgang frå Saurdal kraftstasjon/Kjetilstadlia
Avgang frå Saurdal kraftstasjon/Kjetilstadlia

Akkurat det minte meg om forsøket vårt på same turen påsken 1993, då me ikkje kom stort lenger enn til å pakka utstyret ut av bilen før me stakk halen mellom beina og kjørte til Mosvatnet og gjekk den korte vegen inn til Mostøl i staden. Det var slik vind den dagen at turen opp til Stranddalen på 1000moh ikkje var tilrådeleg på nokon måte, sjølv langs kvista løype.

Det vert ikkje kvista til Stranddalen før påsketider, men denne ettermiddagen holdt me oss stort sett til sommarløypa som ikkje går langt frå vinterløypa. Både vegvisarar og mange T-merka småvardar var nemleg synlege, dessutan kunne me tidvis følga eit skuterspor. Likevel klarte me å rota oss litt vekk etter å ha passert Grunnavatnet, men etter eit kupert parti med tung snøvassing var me tilbake på sommarløypa.

Turen opp gjekk utan dramatikk av noko slag, og tidvis i fager kveldssol. Men det var fleire tunge stigningar som skulle passerast i djup nysnø, og spesielt siste stigninga aust for Stranddalsjuvet leita på meg, sjølv om eg gjekk bakerst i trakka spor. Det var derfor godt då me endeleg fekk hytta – eller rettare sagt hyttene – i syne i 19-tida, kunne ta av fellene og renna ned dei ekstra hm som vinterløypa byr på.

Her oppe etter 2 ¾ timars kveldstur var det stilt og iskaldt, truleg 20 minusgrader som vermeldinga hadde spådd. Inne var det fire nettopp ankomne karar frå Ungarn som skulle vidare heilt til Jonstølen, og me hadde lag med dei første natta. Me hadde berettiga mistanke om at det var folk før oss på hytta då me kom inn på nytrakka spor like før Stranddalsjuvet.

Blåtime og iskaldt ved ankomst i Stranddalen
Blåtime og iskaldt ved ankomst i Stranddalen

Dette vart første besøk på Stranddalshytta for meg, og første i Stranddalen sidan me låg i telt her tilbake i 1997. Snømengda var truleg normal for årstida, eg vil anslå 2m ved hytta. Det var derfor gravd tilgang til øvre halvdel av døra, slik at me måtte krypa inn og ut av den; heldigvis ei velprøvd løysing i snørike fjelltrakter.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.