Nattlandsnuten på ski frå Nattland (08.01.2023)
Bestigninger | Nattlandsnuten (965moh) | 08.01.2023 |
---|
Grått mildver etter kulden nyttårshelga med reine vårløysinga til 7-800 moh, som må seiast å vera høgst uvanleg i veke 1. Me fekk likevel maksimalt utbytte av denne dagen, med opphald det meste av turen og til og med eit par solgløtt.
Me måtte bera skia om lag 150 hm, men fekk etter kvart skiføre og gjekk traktorvegen til endes forbi Nattlandsstølen. Småkrongle opp langs sommarstien til Håvardsvatnet i Frøkedalen og innom vesle Håvardsbu (Sandvikhytta). Vidare i vasskanten og opp til den første hytta ved Frøkedalsvatnet der det vart ein god mat- og kaffipause i oppstigninga.
Vel oppe på topplatået på om lag 850 moh fekk me varden i syne 1,5 km lenger sørvest. Her var det småsurt med trekk imot, og som venta stadvis avblåst sjølv om regnet dei siste dagane truleg hadde kome som sludd her oppe. Me runda vest for Nutavatnet og til topps til den staselege varden, framleis til ganske god sikt. Snaut 3 timar hit inkludert hyttevisitt og pause.
Returen gjekk same veg tilbake, om lag 15 km, 700 hm og 4 ¾ timar på tur. Ikkje dyreliv å sjå utanom rypespor og ein einsleg ravn på toppen.
Kommentarer