Leitebakkfjellet frå Solbakk/Songesand (03.08.2022)
Ascents | Leitebakkfjellet (616m) | 03.08.2022 |
---|
Siste feriedagen, etter store nedbørsmengder eit par dagar, skulle det verta såpass lette i veret at eg tok turen til Songesand for å få med meg siste gjenverande toppen med pf≥50m i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark. Leitebakkfjellet ved Songesandstølen vart sett att då eg var på Kvelvaknuten og Beinafjellet i juni. Som den gangen vart vegen lagt opp den bratte Sunnmorkbrekka, og dei 425 hm frå bilen ved Solbakk gjekk verkeleg unna. Sidan eg kjende stien frå feilnavigeringa forrige gang, var eg oppe ved første tjødna (kalla Bustetjødna på kartet) etter kun 40 min. Då hadde eg hatt selskap av ein klagande, men sky rovfugl nedi brekka; eg vil helst tru at det var ein hønsehauk som kjende seg uroa på reirplassen.
Vel oppe av brekka følgte eg stien mot Songesandstølen nedover det slake dalsøkket før eg svingte vestover og fekk fin utsikt nedover Skurvedalen og jamvel ut Lysefjorden. Her skremde eg opp ein gyllen hjort som eg sjølvsagt ikkje såg meir til. Det var ikkje fritt for at det ennå var mørke skyer på himmelen, så eg kjende meg ikkje heilt trygg for at det kunne koma ei regnbyge.
Eg la ikkje vegen nedom stølshusa, men holdt kurs mellom dei to Beinatjødnane og sør om Stølatjødna før eg tok bratt opp skardet aust for Leitebakkfjellet. Etter kvart som eg vann høgde fekk eg stadig betre utsikt mot Songesandstølen og innover mot Sunnmork. På toppen med ein liten varde var eg 1 ¾ time etter start, og her var det som venta flott utsikt både innover fjorden og utover Songesandheia. Og mest av alt; den 93. og siste toppen med pf≥50m i Preikestolen Nasjonalpark var hermed i boks, etter eit godt jafs med 20 av toppane i år. Så får me bare håpa at verneplanane for dette flotte fjellområdet vert realiserte!


Eg hadde forresten tenkt å få med meg 584-toppen på Songesandheia, men tok like godt fatt på returen. Når eg valde å returnera, var det først og fremst fordi det freista å ta snarvegen heim sør om Beinafjellet, der eg var kjend etter turen dit i juni. Her fekk eg selskap av ei ørn i luftig svev, men uvisst om det var havørn eller kongeørn.
På veg ned i dalsøkket ovanom Sunnmorkbrekka var det slutt på det fine vervinduet, då det begynte å småregna. Returen ned brekka vart derfor ein rein transportetappe utanom at den klagande rovfuglen gav seg til kjenne att. Tilbake ved bilen etter om lag 9 km, 800 hm og 3 timar 20 min på tur.
User comments