Kvelvaknuten og Beinafjellet frå Solbakk/Songesand (24.06.2022)


Kart
Bestigninger Beinafjellet (695moh) 24.06.2022
Kvelvaknuten (706moh) 24.06.2022

Med bare eit lite knippe toppar att i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark måtte det bli endå ein tur etter raidet ved Sunnmork dagen før. Planen var å få med meg Kvelvaknuten og Leitebakkfjellet frå Solbakk i Songesand via den bratte Sunnmorkbrekka. Bilen vart derfor parkert nedanfor Solbakk der vegen tar av til Hatleskog kl. 1720, og så følgte eg den meir eller mindre tydelege traktorvegen 1 km aust- og oppover langs kraftlinjene.

Her gjorde eg kjempetabben som skulle kosta både sår på leggane (ja, eg gjekk i shorts i sommarvarmen!), svette og stygge ord. Eg gjekk nemleg forbi nødlinga som viser kor stien opp brekka tar av frå den stadig meir utydelege traktorvegen. Ja faktisk såg eg nødla, men det var jo ingen sti opp der, så eg holdt like godt fram i faret eg hadde følgt ei god stund. Dette gjekk godt lenge, men etter kvart forstod eg at eg følgte eit uttørka bekkefar og ingen sti. Trass alt må det ha vore ein mykje nytta stølsveg opp Sunnmorkbrekka, så dette kunne ikkje vera rett stad. Urutinert nok hadde eg heller ikkje tatt med meg kart, så eg visste ikkje om eg skulle ta til venstre eller høgre for bekkefaret.

Enden på visa var at eg holdt til høgre i stadig brattare lende og tettare vegetasjon. Eg har busha og kriga meg opp stilaust mange galne stader opp gjennom åra, men dette vart eit reint «merakkels». Til slutt gjekk eg meg fast under ein upasserbar hammar rett under toppen av brekka, men her var det óg for bratt til å gå ned i bekkegjelet. Enden på visa var at eg gjekk ned att minst 100 hm dit eg kom ifrå og kom meg over bekkefaret der. Her fann eg sjølvsagt den svært gode stølsvegen etter kort tid, og det varte ikkje lenge før eg var oppe av brekka og nederlaget var gløymt.

Gammal steingard øvst i Sunnmorkbrekka
Gammal steingard øvst i Sunnmorkbrekka

Det høyrer med til historia at dette var årets varmaste dag på våre kantar, sikkert oppi 24 grader i låglandet. Men vel oppe i skardet la eg óg merke til ein dugeleg austavind som skulle setta minst like mykje preg på turen som varmen. Eg hadde alt innsett at tapet av tid og krefter etter feilnavigeringa i Sunnmorkbrekka ville gjera at runden om Leitebakkfjellet fekk venta til ein annan gang; det var trass alt langt på kveld.

Eg hadde studert kartet såpass at eg visste at einaste greie oppgangen til Kvelvaknuten frå denne sida var heilt på nordsida, nærare nabotoppen Beinafjellet og etter å ha passert begge tjødnane ovanom Sunnmorkbrekka (kalla Bustetjødna og Stigatjødna på kartet). Her hadde eg ei fin naturoppleving då eg skulle ta vatn i ein liten bekk. Eit «plopp» fekk meg til å lura på om solbrillene eller noko anna hadde gått i bekkehølen, men så var det beint fram ein frosk som hadde tatt seg ein symjetur.

Ferdig med brekka og oppe i sola. Me ser Stigatjødna og Kuhaugen i bakgrunnen
Ferdig med brekka og oppe i sola. Me ser Stigatjødna og Kuhaugen i bakgrunnen
Tilbakeblikk med Kvelvaknuten ruvande
Tilbakeblikk med Kvelvaknuten ruvande

Etter kriginga i Sunnmorkbrekka var oppstigninga mot Kvelvaknuten og Beinafjellet lett match, og vel oppe i skardet mellom toppane tok eg retning mot førstnevnte. Nordvestflanken på Kvelvaknuten er for det meste bratt klyveterreng for den vanlege fjellkaren, men eit graskledd drag til høgre let seg følgja greit til topps. Men på det flate platået på vel 700 moh var det helst storm i vindkasta, i alle fall kjendest det slik, og det var beint fram vanskeleg både å gå og å stå oppreist og ta dei obligatoriske bilda.

Eg vinn høgde og får flott utsikt mot Sunnmork
Eg vinn høgde og får flott utsikt mot Sunnmork
Tjødner i skardet mellom Kvelvaknuten og Beinafjellet
Tjødner i skardet mellom Kvelvaknuten og Beinafjellet
Straks på Kvelvaknuten med utsikt mot Beinafjellet. Høgaste toppen i bakgrunnen er Holmaknuten
Straks på Kvelvaknuten med utsikt mot Beinafjellet. Høgaste toppen i bakgrunnen er Holmaknuten
Ved utsiktsvarden på Kvelvaknuten med utsikt ut fjorden
Ved utsiktsvarden på Kvelvaknuten med utsikt ut fjorden
Utsikt innover fjorden med kraftstasjonen i Flørli kjennesleg. Austavinden er så sterk at eg har problemer med å stå og ta bildet
Utsikt innover fjorden med kraftstasjonen i Flørli kjennesleg. Austavinden er så sterk at eg har problemer med å stå og ta bildet

Det vart derfor rask retur frå den flotte utsiktsvarden og ned att i skardet mellom toppane. Leitebakkfjellet over 1 km lenger vest var som nevnt alt skrinlagt, men eg tok ein rask sving oppom toppen av Beinafjellet. Her var det like galen vind, så det vart ein svært kort visitt før retur ned i skardet. Etter altfor lite av både mat og drikke på turen fekk eg endeleg pøst i meg såpass mykje energirik drikke at kreftene kom tilbake. Etter retur på god stølsveg ned Sunnmorkbrekka var eg tilbake ved bilen etter om lag 7,5 km, 700 hm og 3 timar 20 min på tur, utanom minst 100 hm ekstra pga. feilnavigeringa i brekka. Men ein ting er sikkert: I’ll be back!

På Beinafjellet med utsikt mot Stølatjødna og ut Songesandheia. Lengst bak sjåast ein flik av Lysefjorden med Neverdalsfjellet
På Beinafjellet med utsikt mot Stølatjødna og ut Songesandheia. Lengst bak sjåast ein flik av Lysefjorden med Neverdalsfjellet
Nødlinga til venstre som viser rett veg mot Sunnmorkbrekka (opp til venstre, ikkje rett fram)
Nødlinga til venstre som viser rett veg mot Sunnmorkbrekka (opp til venstre, ikkje rett fram)

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.