Toppane i Vongsa-massivet frå Ryggen (22.05.2022)
Ascents | Lokråknuten (804m) | 22.05.2022 |
---|---|---|
Vest for Urddalen (827m) | 22.05.2022 | |
Nord for Vongsatjørna (851m) | 22.05.2022 | |
Vest for Vongsatjørnane (875m) | 22.05.2022 | |
Litle Vongsen (856m) | 22.05.2022 | |
Store Vongsen (871m) | 22.05.2022 |
Finaste åstida til fjells med snøfenner i skyggesidene, grønkande fjellbjørk og yrande fugleliv. Då passa det godt med tur i Vongsa-massivet, i den høgaste og austlegaste delen av området lansert som Preikestolen Nasjonalpark. Her ligg godbitane på rekke og rad, og med førsteklasses utsikt.
I flott ver gjekk turen frå Ryggen ved Songesandvegen til topps på (Store) Vongsen på 35 min. Alt her var det klart at massivet er overstrødd med steinblokker i ulik storleik og mengde. Frå Vongsen var det som venta framifrå utsikt, ikkje minst over det blikkstille Sandvatnet, men óg over dei nærliggande toppane eg hadde tenkt meg over. Ganske overraskande møtte eg ein annan kar her oppe, men ellers ingen andre på denne turen ein søndag føremiddag.
Vidare til sekundærtoppen nord for dei isdekte Vongsa-tjødnane gjekk det raskt på 20 min. og så vidare på 20 min. til hovudtoppen på 875moh vest for tjødnane, som óg er høgaste punktet i den lanserte nasjonalparken. Til å vera ein så prominent topp, må varden seiast å vera heller stusseleg, så den som ser syn på å reisa ein verdig varde, er hermed utfordra!
Frå hovudtoppen kom ein interessant ned- og oppgang via den fine Urddalen som ikkje var mindre overstrødd med steinblokker, bl.a. ei svær helle ovanom nordenden av tjødna. 25 min. etter hovudtoppen var eg oppe på ryggen vest for Urddalen, der det var fleire mulige toppunkt og ikkje minst framifrå utsikt. Særleg var utsikten flott sør på ryggen mot Hardhausen og Sunnmork.
I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å få med meg høgreiste Lokråknuten på tilbaketuren. Men slik han kneisa i søraust, var det eit lett valg å svinga nedom Lokråna og til topps, noko som tok 50 min. Vel her oppe var det kort veg 15 min. til topps på Litle Vongsen aust for Vongsa-tjødnane og så 30 min. tilbake til bilen.
Dette vart ein skikkeleg kosetur på snaut 7,5 km, 700 hm og 3 ¼ timar; herleg vårstemning med fleire galande gaukar, to klagande heiloar, to rapande rypesteggar og ei orrhøne som brasa opp or krattet ved turstart.
User comments