Skorpeheia frå Målandsdalen (10.05.2022)


Map
Ascents Skorpeheia (636m) 10.05.2022

Rask ettermiddagstur i ganske bra ver etter regnet. Elvene var flaumstore pga. kombinert regn og snøsmelting, og eg begynte etter kvart å lura på om eg kom meg over Spjotåna i det heile. Planen var å gå opp traktorvegen og så følga elva til Tveitestølstjødna før eg gjekk til topps frå sør. Men då eg klarte å kryssa elva alt i snaut 500m høgde, kom eg på tanken om å prøva meg bratt opp frå vest og nord. Dette gjekk akkurat, for med heile kroppen til hjelp kom eg meg opp ei bratt renne.

Den bratte renna eg kleiv opp, sett ovanfrå
Den bratte renna eg kleiv opp, sett ovanfrå

Litt ukonsentrert tok eg for gitt at toppen låg aust for skardet eg hadde kome opp til, men så viste det seg at han låg vestanfor, altså like ovanom der eg hadde kome opp renna. Det vart altså ein liten «strafferunde» før eg tok meg ned i skardet att og til topps. Utruleg nok hadde det letta såpass at eg fekk god utsikt, bl.a. sørover mot Tindafjellet og nordover mot Årdal. Bare ein time hit inkludert «strafferunden» må vera brukbart.

Toppen sett frå nordaust
Toppen sett frå nordaust
Tjødna nordaust for toppen
Tjødna nordaust for toppen
I skardet aust for toppen, utsikt nordover
I skardet aust for toppen, utsikt nordover
I skardet aust for toppen, utsikt sørover mot Steinskardet bakerst
I skardet aust for toppen, utsikt sørover mot Steinskardet bakerst
På toppen av Skorpeheia med Tindafjellet som bakteppe
På toppen av Skorpeheia med Tindafjellet som bakteppe
Utsikt nordover mot Skorpeheibrotet og Årdal
Utsikt nordover mot Skorpeheibrotet og Årdal

Retur same veg, og på ny gjekk det greit over Spjotåna. Tilbake ved bilen etter 1 ¾ timar på tur, der ei orrhøne som brasa opp frå lyngen, stod for det mest minneverdige faunainnslaget.

Tilbakeblikk på toppen frå traktorvegen. Spjotåna renn nede i dalsøkket
Tilbakeblikk på toppen frå traktorvegen. Spjotåna renn nede i dalsøkket
Det er sjeldan Spjotåna går så flaumstor!
Det er sjeldan Spjotåna går så flaumstor!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.