Søre Kaldafjell frå Krossvatn til Saurdal (24.04.2022)


Map
Ascents Søre Kaldefjell (1,426m) 24.04.2022

Avreisedagen på Krossvatn var veret like fint som dagane før, men med noko meir vind frå aust. Utanfor hytta vart me overraska av eit tidleg vårteikn i denne høgda; ei linerle sat og vippa med stjerten her på 1100 moh og med snø på alle kantar. Me hadde sett ein del insekt til nå på turen, så ho greidde seg nok fint.

Vegen vart lagt vestover kvisteløypa over Krossvatnet, Gravetjødna og drygt 6 km til (Vestre) Kaldavatnet. Dette var ny trase for oss alle, sjølv om eg gjekk sommarløypa her i skodde på turen frå Haukeliseter til Nes i Årdal heilt tilbake i 1991. To av oss hadde ærend på 1426-toppen Søre Kaldafjell, så mens dei to andre tok sørover vatnet, tok me nordover. Etter ein god pause i le bak eit utstikkande nes, gjekk me vidare til endes på vatnet utan sekkar og enkelt 300 hm til topps via den slake austflanken.

I fint driv vestover Krossvatnet
I fint driv vestover Krossvatnet
På Gravetjødna der kvisteløypa frå Bleskestadmoen kjem ned frå Kringlevatnet. Kringlenuten dominerer bak til venstre
På Gravetjødna der kvisteløypa frå Bleskestadmoen kjem ned frå Kringlevatnet. Kringlenuten dominerer bak til venstre
I fint driv nordover (Vestre) Kaldavatn
I fint driv nordover (Vestre) Kaldavatn
I jevn stigning mot toppen av Søre Kaldafjell
I jevn stigning mot toppen av Søre Kaldafjell

Som då me var på Vestre Kaldafjell i 2016, fekk me eit mektig syn av Snønuten etter kvart som me vann høgde, men óg stadig meir vind frå same kanten. Opphaldet ved den vesle toppvarden vart derfor kortvarig, men me fekk med oss den flotte utsikten óg mot Vestre Kaldafjell og ikkje minst i retning Kvilldal og låglandet. Då hadde me brukt 3 timar hit inkludert pausen.

Frå oppunder toppen av Søre Kaldafjell med utsikt mot kjempene austanfor, Snønuten og Kringlenuten
Frå oppunder toppen av Søre Kaldafjell med utsikt mot kjempene austanfor, Snønuten og Kringlenuten
På Søre Kaldafjell, fylkets 22. høgaste fjelltopp
På Søre Kaldafjell, fylkets 22. høgaste fjelltopp
Utsikt nordvestover mot bl.a. Skaulen og Vestre Kaldafjell
Utsikt nordvestover mot bl.a. Skaulen og Vestre Kaldafjell

Etter returen tilbake til sekkane og ein kort pause, gjekk det på raskt føre 2,5 km langs kvisteløypa sørover Kaldavatnet. Her kom me inn på våre eigne spor frå fredagen og følgte desse opp gjennom Djupahola, over Såtetjødna og til nedrennet mot Saurdal. Dette vart nokså tungt med full oppakning på stadvis hardt og sporete føre, men me kom oss i alle fall ned på kvart vårt vis. Nede ved Svartaberg møtte me dei to andre i ei lun krå, og det vart tid til ein god strekk i lyngen.

Tilbake ved sekkane på pauseplassen
Tilbake ved sekkane på pauseplassen
Utsikt nordover (Vestre) Kaldavatn med Snønuten og Kringlenuten dominerande
Utsikt nordover (Vestre) Kaldavatn med Snønuten og Kringlenuten dominerande
Gjennom Djupahola I
Gjennom Djupahola I
Gjennom Djupahola II, her på 1154-vatnet med utsikt vestover
Gjennom Djupahola II, her på 1154-vatnet med utsikt vestover
Tilbakeblikk på passasjen nord for Såta
Tilbakeblikk på passasjen nord for Såta
Nedkjøring mot Saurdal med flott utsikt mot Skaulen og Suldalsvatnet
Nedkjøring mot Saurdal med flott utsikt mot Skaulen og Suldalsvatnet
Slaraffenliv ved Svartaberg ovanom Saurdal
Slaraffenliv ved Svartaberg ovanom Saurdal
Og tilbake ved bilen ved kraftstasjonen i Saurdal kunne me gratulera kvarandre med fullklaff endå ein gang i Dyraheio. Utruleg nok hadde me bare sett ein einaste mann på tre dagar ei slik finvershelg i april. Fasit for denne siste dagen vart om lag 23 km, 500 hm opp / 1000 hm ned og 6 ¾ timar på tur. For eigen del var alle dei 9 toppane mellom 1400 og 1500 moh i Dyraheio dermed i boks:
  • Kringlenuten i 2013
  • Vestre Kaldafjell i 2016
  • Såta i 2018 (og 2022)
  • Skoranutane, Kaldafjellet og Steinkilenuten i 2021
  • Leirnuten, Grønafjellet og Søre Kaldafjell i 2022

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.