Såta, Grasdalsheia og Nøvlenuten frå Saurdal til Krossvatn (22.04.2022)


Map
Ascents Grasdalsheia (1,249m) 22.04.2022
Nøvlenuten (1,237m) 22.04.2022
Såta (1,424m) 22.04.2022
Visits of other PBEs Krossvatn (1,100m) 22.04.2022

Etter den svært vellukka helga på Jonstølen i fjor med toppsamling i Dyraheio, var planen å kopiera opplegget frå Krossvatn-hytta. Etter at første forsøk blåste og snøa vekk før påske, vart det nytt forsøk i finversperioden etter påske. Ja faktisk var vermeldinga så god at det var lova tre dagar med sol frå tilnærma skyfri himmel, men med ein frisk austavind.

To av oss starta frå kraftstasjonen i Saurdal fredag føremiddag med plan om å gå over Såta. Eg hadde vore opp den bratte lia og til topps i tett skodde for fire år sidan, og sørga for å ha så lett sekk som mulig; det er trass alt over 800 hm til Såta, og me hadde planar om å gå over toppen med full oppakning.

Det var hardt føre i vesthellinga ved turstart, så det var inga tvil om at langfeller var best, og i brukbart le for austavinden kunne me starta ganske lettkledde i sola. Me fann straks eit skuterspor å følga, og dette leidde oss optimalt opp alle etappane til platået på 1200 moh vest for Såta. Me hadde alt fått på oss vindtette klede, og i denne høgda trong me dei verkeleg. Det var kjekt å vera her oppe att og kunna sjå den massive Såta ruva der i aust, vekke som ho var i skodda forrige gang.

I fint driv opp ei av dei siste stigningane mot platået
I fint driv opp ei av dei siste stigningane mot platået
På platået vest for Såta med toppen dominerande
På platået vest for Såta med toppen dominerande

Me ville gå opp normalvegen frå sør, og runda etter kvart vestflanken av massivet. Her under ein hammar fekk me heilt le for vinden, og det var på tide med ein matpause. 2 ½ timar hit med full oppakning syntest me var ganske akseptabelt. Etter pausen bar det til topps på den flotte utsiktstoppen, med panorama over Dyraheio i aust, Blåsjø i søraust og dei nærare toppane i sørvest, dominert av Napen. Lenger ute var både Gunlanuten og Grytenuten kjenneslege med dei ennå snøkledde toppane sine.

Velfortent strekk vestanfor Såta
Velfortent strekk vestanfor Såta
Frå oppunder Såta med utsikt mot sørvest og bl.a. Napen sentralt i bildet
Frå oppunder Såta med utsikt mot sørvest og bl.a. Napen sentralt i bildet
Straks på Såta med den snøplastra varden i sikte
Straks på Såta med den snøplastra varden i sikte
Fornøgd på Såta, fylkets 24. høgaste fjelltopp!
Fornøgd på Såta, fylkets 24. høgaste fjelltopp!
Ditto med Snønuten og Kringlenuten som bakteppe
Ditto med Snønuten og Kringlenuten som bakteppe
Utsikt vestover i retning Sand og Erfjord. Bl.a. Gunlanuten og Grytenuten er kjenneslege langt ute
Utsikt vestover i retning Sand og Erfjord. Bl.a. Gunlanuten og Grytenuten er kjenneslege langt ute

Bare synd at det var så friskt i vinden at me ikkje kunne bli lenge på toppen. I staden fann me eit fint nedrenn nordover til austenden av Såtetjødna, der kameraten fekk med seg 1340-toppen nord for Djupahola mens eg tok ein ny matbit. Her kom me inn på skutersporet igjen, som leidde oss greit gjennom Djupahola vidare austover til (Vestre) Kaldavatnet.

Aust for Såtetjødna med tilbakeblikk mot Såta
Aust for Såtetjødna med tilbakeblikk mot Såta
Nedrenn mot Djupahola
Nedrenn mot Djupahola
Ved Kaldavatnet med dalsøkket mot Vassdalane sentralt
Ved Kaldavatnet med dalsøkket mot Vassdalane sentralt

Her kom me inn på kvisteløypa mellom Stranddalen og Krossvatn, men me hadde ikkje planar om å følga den. I staden tok me som dei fleste andre som går mellom desse hyttene, i alle fall i finver, inn i retning Vassdalane. Men fordi me ville få med oss toppen av Grasdalsheia, tok me av frå denne løypa og fann vegen til topps på den flate heia. Her var det fleire jamnhøge toppunkt, inkludert eit med fjellbolt. Mellom Såta og Grasdalsheia brukte me 2 ½ timar med ein herleg latmannspause i solsteiken ved Kaldavatnet.

På toppen av Grasdalsheia. Kjempene Snønuten og Kringlenuten ruvar kledeleg i bakgrunnen, og Søre Kaldafjell er med til venstre i bildet
På toppen av Grasdalsheia. Kjempene Snønuten og Kringlenuten ruvar kledeleg i bakgrunnen, og Søre Kaldafjell er med til venstre i bildet
Frå same staden med tilbakeblikk mot Såta
Frå same staden med tilbakeblikk mot Såta

Vidare austover var me oppom den flotte Nøvlenuten, som gjer litt meir av seg enn Grasdalsheia. Mellom desse toppane brukte me 1 time, og ½ time seinare var me framme ved den raudmalte hytta; for min del første gang sidan 1991 då me gjekk 1 ½ veke frå hytte til hytte frå Haukeliseter til Nes i Årdal. På Krossvatn møtte me dei to andre som hadde gått via Stranddalen og hatt ein like flott turdag som oss. Ikkje kom det andre folk heller, så me fekk hytta heilt for oss sjølve.

Med kurs mot Nøvlenuten og -tjødna
Med kurs mot Nøvlenuten og -tjødna
Fornøgd på Nøvlenuten med Leirnuten som kulisse!
Fornøgd på Nøvlenuten med Leirnuten som kulisse!
Nedrenn frå Nøvlenuten med utsikt mot Krossvatnet med hytta og Grønafjellet
Nedrenn frå Nøvlenuten med utsikt mot Krossvatnet med hytta og Grønafjellet
Flott vårkveld på Krossvatn med Leirnuten som bakteppe
Flott vårkveld på Krossvatn med Leirnuten som bakteppe

Fasit for dagen vart om lag 17 km, 1100 hm og 7 timar på tur. Fine faunainnslag med ringtrostar i Saurdal, kvitkledde rapande rypesteggar på rabbane og ein småfalk (dverg- eller tårnfalk) under Såta.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.