Vardhusheia, Bergeheia og Salane på ski frå Målandsdalen (11.02.2022)


Kart
Bestigninger Bergeheia (706moh) 11.02.2022
Salane (658moh) 11.02.2022
Vardhusheia (761moh) 11.02.2022
Andre besøkte PBE'er Brogaheia våpenkonteinere (645moh) 11.02.2022

Etter ein uvanleg sur og grå start på 2022 var det endeleg meldt ein halv dags flott vervindu denne fredagen, og eg bare måtte nytta høvet og ta fri frå jobben. Det låg nemleg óg an til skiføre på Målandsheia att etter ein periode med mildver. Turen vart derfor lagd opp traktorvegen frå Boremyr på lovande snøføre, og etter snaut 50 min. gange på kortfeller var eg oppe ved den nye demninga i Sagåna. Snøforholda her oppe var over all forventning, og nesten like fine som i fjor vinter. Brått opna det seg derfor mulighet for langtur, kanskje heilt til Vardhusheia att!

Det var ikkje spor etter anna enn dyr så langt, men eg hadde sett far etter både hjort, rådyr og truleg rev, i tillegg til at eg skremde opp ei kvitkledd lirype. Eg la vegen over brua nedanfor demninga og vidare opp i sola ved Prammaleitet. Snøen var heilt perfekt, kanskje ein halv meter som bar godt og dekka det meste, og med nokre cm styresnø øverst. Etter vekevis utan solgløtt var det reint himmelsk å kjenna dei varmande strålene i ansiktet!

Flott vintermorgon under Prammafjellet
Flott vintermorgon under Prammafjellet
Frå Prammaleitet mot Salane og Lauvåsen på andre sida av Tysdalsvatnet
Frå Prammaleitet mot Salane og Lauvåsen på andre sida av Tysdalsvatnet

Oppe ved Målandsvatnet var det ope i utløpet og ikkje sikker is, så eg runda vatnet på vestsida. Avgjerda om å gå på Vardhusheia var alt teken, så vegen vart lagd rett sørover Brogaheia og den etter kvart så kjende vegen til topps. Det var så fint å gå at eg ikkje trong vindtett ytterjakke, men likevel eit kjølig drag frå nord. På kremtoppen for sjuande gang måtte eg óg utom stupkanten og nyta synet, etter mi meining den finaste utsikten i heile Jørpelandsheia.

Som venta var det ikkje skikkeleg vinter nedover langs Jørpelandsvassdraget. Ingen av vatna var heilt isdekte, og etter det eg kunne sjå var Liarvatnet ganske ope i Grimsli. Kanskje ikkje så rart på bare 300moh, men endåtil Krokavatnet i Krøys på 600moh var delvis ope, som nok er sjeldan medio februar.

Sol over Målandsvatnet, Husaheia og Vardhusheia bakerst
Sol over Målandsvatnet, Husaheia og Vardhusheia bakerst
Mot Longavatnet som knapt er islagt
Mot Longavatnet som knapt er islagt
Fornøgd på veg mot Vardhusheia med Brogaheia i bakgrunnen
Fornøgd på veg mot Vardhusheia med Brogaheia i bakgrunnen
Straks på toppen av Vardhusheia med utsikt austover mot Krøys. Me ser Brogavatnet med Brogavassklubben, Venavatnet og det delvis opne Krokavatnet bakerst
Straks på toppen av Vardhusheia med utsikt austover mot Krøys. Me ser Brogavatnet med Brogavassklubben, Venavatnet og det delvis opne Krokavatnet bakerst
Kanskje den finaste utsikten i Jørpelandsheia! Panorama frå utsiktsvarden på Vardhusheia
Kanskje den finaste utsikten i Jørpelandsheia! Panorama frå utsiktsvarden på Vardhusheia
Litt meir sørleg utsikt frå stupkanten
Litt meir sørleg utsikt frå stupkanten

Returen gjekk same vegen ned att til Brogaheia, og nå tenkte eg at det ville høva godt å kopiera den fine turen min frå i fjor med avslutning over Bergeheia og Salane. Men først svingte eg oppom gøymestaden for våpencontainerane etter flysleppet her i november 1944. Eg var spent på om alt var skjult av snøen, noko GPSen viste; då med unntak av eit rusta jernstag som stakk så vidt opp or snøen, og samstundes beviste at eg var på rett stad.

Mot utløpet av Brogavatnet
Mot utløpet av Brogavatnet
Førsteklasses silkeføre på Brogaheia!
Førsteklasses silkeføre på Brogaheia!
Snøen dekker gøymestaden til våpencontainerane nedanfor Bergeheia
Snøen dekker gøymestaden til våpencontainerane nedanfor Bergeheia

Det var djup snø her under Bergeheia, og eg runda tilbake og opp på den fine utsiktstoppen for ein matpause. Som på Vardhusheia var det derimot isete og avblåst på sjølve toppryggen her. Men som tenkt, følgte eg ryggen nordover og ned til fine snøforhold att i Salaskardet og vidare til topps på Salane. Her gjekk eg litt ned i nordsida av toppen og fekk fin utsikt over Sallia med Såta og Middagsåsen der eg kom opp frå Tysdal for eit par veker sidan.

På Bergeheia med tilbakeblikk mot Vardhusheia og Longavatnet
På Bergeheia med tilbakeblikk mot Vardhusheia og Longavatnet
Mot Grautabotn flankert av Krunefjell og Salane
Mot Grautabotn flankert av Krunefjell og Salane
Frå Salane med utsikt mot Sallia og Såta i midten, og med eit glimt av Tysdal og Rv. 13
Frå Salane med utsikt mot Sallia og Såta i midten, og med eit glimt av Tysdal og Rv. 13
Litt meir austleg utsikt mot Middagsåsen og Prammaleitet
Litt meir austleg utsikt mot Middagsåsen og Prammaleitet
Frå om lag same staden mot Øvre Daurmålsknuten, og med Reinaknuten og Lauvåsen på kvar si side av Tysdalsvatnet
Frå om lag same staden mot Øvre Daurmålsknuten, og med Reinaknuten og Lauvåsen på kvar si side av Tysdalsvatnet

Frå Salane rann eg ned mot utløpet av Målandsvatnet der eg måtte nyta stunda litt før retur ned traktorvegen til bilen ved Rv. 13. Til ei forandring var det så god styresnø at eg greidde å renna ned store deler av den bratte vegen, då med litt bremsehjelp av kortfellene. Dei hadde vore på heile turen, med unntak av nedrennet frå Salane til demninga. Endå ein framifrå tur frå Boremyr var dermed i mål, den tiande for min del. Fasit vart om lag 17 km, 800 hm og litt over 5 timar på tur, og då eg kom til Jørpeland lukka sanneleg vervinduet seg akkurat som meldt!

Høg himmel over Målandsvatnet
Høg himmel over Målandsvatnet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.