Toppraid i søre Strand #5 (27.02.2021)
Bestigninger | Foreåsen (131moh) | 27.02.2021 |
---|---|---|
Vest for Hatten (327moh) | 27.02.2021 | |
Lerangshammaren (106moh) | 27.02.2021 | |
Ulvaskogfjellet (410moh) | 27.02.2021 | |
Vardatoppen (194moh) | 27.02.2021 | |
Andre besøkte PBE'er | Ulvaskoghytta (275moh) | 27.02.2021 |
Vinteridyllen var definitivt over, og det vart tvert imot brått vårleg på Strandalandet, og dermed tid for å fullføra pf≥50m lista for søre Strand.
Kjørte til Nordland og følgte traktorvegen mot Eldridåsen til eit stykke oppe i Nordlandsdalen. Her såg det styggtett ut, men så var det brått ein sti som tok av frå vegen i rett retning, og den gjekk greit heilt til topps på Vardatoppen. Her var det eit tydeleg toppunkt med varde, men dessverre smått med utsikt.
Retur same veg og forflytning til nordenden av Lerangsvatnet. Her vart det bushing rett opp på Foreåsen (eller er det heller Grimsåsen?) frå aust, men kom inn på eit utydeleg stisystem nærare toppen. Her var det fleire mulige toppunkt, bl.a. ei diger flyttblokk som truleg var høgast. Flott utsikt over Lerang frå eit punkt litt aust for toppen.
Retur same veg og vidare til Lerangsvågen og Lerangshammaren. Her følgte eg vegen frå forskningsstasjonen sørover, inn på eit beite for lamadyr og greit til topps langs eit varierande stisystem frå aust. Som venta flott utsikt over Skjeivik og Høgsfjorden frå denne markerte toppen, som akkurat slepp unna pf≥100m lista for nye Strand. Retur same veg og forflytning til Botsheia.
Etter lette i morgonskodda hadde det nå skine heilt opp, og dermed blitt mulig å få med seg Ulvaskogfjellet. Det kuperte området ved Ulvaskog er nemleg ingen stad å rota seg inn i utan sikt, sjølv om det er merka stiar. Følgte stien mot Hatten og tok så vidare nord- og nedover til utløpet av Store Ulvaskogvatnet. Etter ein del opp og ned, og passering av fleire tjødnar, drog eg brått kjensel på Ulvaskoghytta, som eg ikkje har vore ved sidan 1990 då ho helst var til nedfalls. Den gangen var det ikkje veg over Botsheia, og me måtte helst koma til Ulvaskog frå Preikestolhytta. No framstår Milorg-hytta derimot som eit stolt smykke og er blitt eit turmål i seg sjølv.
Sjå link til den interessante rekonstruksjonen frå Ulvaskog og motstandsarbeidet i Strand her: https://www.youtube.com/watch?v=xdBoKVjBAgQ

Vidare følgte eg stien mot Preikestolhytta, og vel oppe på ryggen sør for Gloppavatnet tok eg greit stilaust nordvestover og til topps på vardelause Ulvaskogfjellet. Her var det god utsikt til kjente toppar frå ein litt ny vinkel; bl.a. Dormålsfjellet, Gryteknuten og Gråknuten nærast.
Eg visste at det vart ein dryg retur tilbake til Botsheia, for Ulvaskog-området gir ingen ting gratis, men eg kom meg greit tilbake trass i at eg ikkje hadde tatt med meg anna enn ei vassflaske på heile denne turen. Og sidan eg bare hadde gjenståande «antennetoppen» SV for Hatten, tok eg like godt med meg denne óg. Busha opp frå stien frå Hatten og følgte høgdedraget sørover til topps. Fin utsikt sjølvsagt mot Lysefjorden og Skjeragjuvet. Retur same veg til bilen i Botsheia.
Til saman snaue 5 timar på tur inkludert forflytning med bil, utan nøyare tidtaking. Ikkje så rart at eg kjente det i beina heller, for det vart om lag 1100 hm på turen, både opp og ned, og av dei knapt 600 hm bare til Ulvaskogfjellet.
Kommentarer