Frå vatn til vatn i Jørpelandsheia #2, til Kvednavatnet (02.02.2021)


Map
Visits of other PBEs Langavatnet demning (450m) 02.02.2021

Med framleis eineståande snøforhold i Jørpelandsheia og framifrå vermelding tok eg ein spontan feriedag for å nytta det sjeldne høvet. Planen var langt på veg å repetera turen min i 2018 frå Liarvatnet til Svartavatnet, men i staden gå inn til Kvednavatnet/Stemvatnet ovanom Bratteli der eg ikkje har vore før.

Det var langt betre føre og spor enn forrige tur til Longavatnet like etter det første skikkelege snøfallet i januar, og eg var faktisk oppe i sola ved Longavatnet etter berre 1 ½ time, som må vera ny rekord for meg. På myra før vatnet hadde sjølvaste skogens konge trava rett over skisporet i lange kliv, for det var store djupe spor i snøen. Dei såg ut til å vera heilt ferske, så eg vil tru han hadde høyrt meg og søkt seg vekk.

Endeleg ute av skyggen og straks framme ved Longavatnet
Endeleg ute av skyggen og straks framme ved Longavatnet
Her har elgen trava forbi!
Her har elgen trava forbi!

Vel oppe i sola tok eg ein matpause ved hytta som var anleggsbrakke under bygginga av stemmen på 1940-talet. Her traff eg ein kjenning som skulle same veg som meg sørover sjølve Longavatnet. Her var det skuterspor og fleire skispor, så det var lett og fint å gå. Vel til endes på vatnet og forbi bekken frå Svartavatnet, var eg i nytt og spennande landskap, og eg fann eit gammalt skispor som såg ut til å leia i retning Kvednavatnet. Det var greit å holda retninga, for klokka var 12 og sola stod beint i sør dit eg skulle. Det var som venta småbratt og krongle opp til bandet ovanom Kvednavatnet, men dei 70 hm i djupsnøen gjekk nokonlunde greit. Etter eit kort nedrenn var eg nede på vatnet og kunne orientera meg mellom dei høge fjellsidene. Det var fleire spor i retning Stemvatnet og Bratteli, så eg gjekk ut frå at folk har kome motsatt veg frå Bratteli i helga. Inn hit hadde eg då berre brukt 2 ½ timar med ein kort pause.

Herleg pauseplass ved søre Vardhustjødna, med sola over Bratteliknuten
Herleg pauseplass ved søre Vardhustjødna, med sola over Bratteliknuten
Frå same staden mot oppgangen Støladalen mot Skitli
Frå same staden mot oppgangen Støladalen mot Skitli
Eit stykke sør på sjølve Longavatnet med tilbakeblikk mot Knausane og Brogaheia
Eit stykke sør på sjølve Longavatnet med tilbakeblikk mot Knausane og Brogaheia
Mot sørenden av Longavatnet med Steinfjellet sentralt
Mot sørenden av Longavatnet med Steinfjellet sentralt
Heilt sør på Longavatnet med tilbakeblikk mot Liaknuten
Heilt sør på Longavatnet med tilbakeblikk mot Liaknuten
Hytta nedanfor Skivatnet
Hytta nedanfor Skivatnet
Nede på Kvednavatnet. Vegen vidare til Stemvatnet ovanom Bratteli går gjennom det venstre skardet
Nede på Kvednavatnet. Vegen vidare til Stemvatnet ovanom Bratteli går gjennom det venstre skardet
728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet) ruvar over Kvednavatnet
728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet) ruvar over Kvednavatnet

Vel inne i det tronge skardet mellom vatna kleiv eg litt opp i sida for å få overblikk over Stemvatnet før eg snudde. Eg valde å ikkje sleppa meg ned på vatnet og gå heilt ut til eg såg fjorden, sjølv om det hadde vore interessant. Planen får heller vera å koma opp frå fjorden ein sommardag og gå andre vegen.

I sørenden av Kvednavatnet. Under slike forhold er det kort veg til Bratteli gjennom skardet
I sørenden av Kvednavatnet. Under slike forhold er det kort veg til Bratteli gjennom skardet
Frå same staden med tilbakeblikk nordover med Liaknuten sentralt
Frå same staden med tilbakeblikk nordover med Liaknuten sentralt
I skardet mellom Kvednavatnet og Stemvatnet
I skardet mellom Kvednavatnet og Stemvatnet
Utsikt mot Stemvatnet og tid for retrett
Utsikt mot Stemvatnet og tid for retrett

Returen gjekk presis same veg heim att, og ved stemmen i Longavatnet vart det både møte med kjentfolk og ny matpause i sola, før herlege nedrenn til Forenesvatnet og Grimsli. Det var ikkje dyreliv å sjå, utanom elgspora og spor etter hare, rev og smågnagarar. Fasit for dagen vart om lag 22 km, 250 hm og 5 ½ timar på tur; og ein svært godt investert feriedag!

På myra sør for Longavatnet med utsikt nordover. Liaknuten og Vardhusheia flankerer Longavatnet
På myra sør for Longavatnet med utsikt nordover. Liaknuten og Vardhusheia flankerer Longavatnet
Frå same staden mot 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet)
Frå same staden mot 728-toppen lengst vest på Steinfjellet (Splitthodnet)
Sør på Longavatnet med tilbakeblikk mot Steinfjellet/Splitthodnet. Skivatnet ligg ovanom skardet til venstre
Sør på Longavatnet med tilbakeblikk mot Steinfjellet/Splitthodnet. Skivatnet ligg ovanom skardet til venstre
Mot nedre Krødene og oppgangen mot Skitli
Mot nedre Krødene og oppgangen mot Skitli
Tilbake ved 
søre Vardhustjødna med herleg utsikt mot Brogaheia
Tilbake ved søre Vardhustjødna med herleg utsikt mot Brogaheia
Ved den gamle stemmen under Bergeheia/Krunefjell
Ved den gamle stemmen under Bergeheia/Krunefjell
Herleg nedrenn mot Forenesvatnet med utsikt mot Tysdalsheia
Herleg nedrenn mot Forenesvatnet med utsikt mot Tysdalsheia
Pudderfest!
Pudderfest!
Tilbakeblikk mot Vardhusheia
Tilbakeblikk mot Vardhusheia
Ved Forenesvatnet med Reinaknuten framleis i sola ovanom Tysdalsheia
Ved Forenesvatnet med Reinaknuten framleis i sola ovanom Tysdalsheia
Vintraleg ved Grimsliåna
Vintraleg ved Grimsliåna
Fornøgd tilbake på parkeringa ved Liarvatnet!
Fornøgd tilbake på parkeringa ved Liarvatnet!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.