Longavatnet på ski frå Liarvatnet (16.01.2021)


Map
Visits of other PBEs Langavatnet demning (450m) 16.01.2021

Flotte snøforhold og islagt Liarvatn alt i midten av januar er lenge sidan, og sjølv om vatnet ikkje var "godkjent" av Folkehjelpa, tok me sjansen på å gå over. 10-15 minusgrader sidan nyåret borga for kvalitet, og det var spor etter folk etter fleire dagar med framifrå ver. Me visste at det ville bli seriøst trafikkaos i Dalen denne lørdagen, og starta derfor alt i 9-tida. Det var meldt tilskyande og med aukande vind, men det starta upåklageleg med skyfritt, stilt og 10-12 minusgrader.

Tidleg morgon i Dalavegen, mot Selemork med Husafjellet
Tidleg morgon i Dalavegen, mot Selemork med Husafjellet
Kald start frå Liarvatnet med kjennesleg utsikt mot Heia-og Småsilhodnet
Kald start frå Liarvatnet med kjennesleg utsikt mot Heia-og Småsilhodnet

Det var gode spor inn til Grimsli, men fleire stader med ekkelt overvatn på isen. Gildt å vera her inne att, og med tilnærma julekortstemning med snø på trea. Det var som venta spor oppover til Forenesvatnet, men overraskande få hadde gått før oss, det skulle visa seg å bare vera Jørpelandsfolk i to av hyttene. Det er alltid krongle opp vinterløypa til Forenesvatnet, og ikkje betre i 15-20 cm nysnø utan såle. Men me kom oss greit opp medan morgonsola leika over toppen av Krunefjell og Solknuten. Vel oppe på det vakre vatnet kom me opp i ei tydeleg "kuldegrop", for her reiv det skikkeleg i ansiktet.

I Grimsli med morgonsola på Krunefjell og Solknuten
I Grimsli med morgonsola på Krunefjell og Solknuten
Sjeldan julekortstemning i Jørpelandsheia
Sjeldan julekortstemning i Jørpelandsheia
Morgonsola gyller Solknuten ovanom den iskledde Grimsliåna
Morgonsola gyller Solknuten ovanom den iskledde Grimsliåna
Me vinn høgde og ser tilbake mot Grimsli med Tibergfjell kjennesleg
Me vinn høgde og ser tilbake mot Grimsli med Tibergfjell kjennesleg
Flott og iskald morgon ved Forenesvatnet, med Knausane og Vardhusheia i bakgrunnen
Flott og iskald morgon ved Forenesvatnet, med Knausane og Vardhusheia i bakgrunnen
Ved Forenesvatnet mot Solknuten og Tysdalsheia med Reinaknuten dominerande
Ved Forenesvatnet mot Solknuten og Tysdalsheia med Reinaknuten dominerande

Men her var det óg slutt på skispora, så ungdommen måtte sendast først og trø løype vidare opp mot Longavatnet. Det er mindre kupert her, og me såg fram til å koma opp i sola ved den gamle stemmen der me tenkte å ha pause. Etter om lag 2 ½ timar kom me endeleg opp til Longavatnet, og det var framleis ei bleik sol, men óg ein sur vind over vatnet. Me fann truleg den kaldaste plassen å eta, nemleg ute på sjølve stemmen, for etter kvart drog skyene seg framfor sola, og pausen vart derfor kort.

På veg mot Longavatnet med tilbakeblikk mot Tysdalsheia og Krunefjell. Området er verna pga. den rike foreskogen, som har tre som er fleire hundre år gamle
På veg mot Longavatnet med tilbakeblikk mot Tysdalsheia og Krunefjell. Området er verna pga. den rike foreskogen, som har tre som er fleire hundre år gamle
Magisk solgløtt like før Longavatnet, der Vardhusheia dominerer som alltid
Magisk solgløtt like før Longavatnet, der Vardhusheia dominerer som alltid
Fornøgd ved Longavatnet!
Fornøgd ved Longavatnet!
Bleik januarsol over Bratteliknuten og den nordre Vardhustjødna
Bleik januarsol over Bratteliknuten og den nordre Vardhustjødna
Den imponerande kanalen nedanfor stemmen i Longavatnet med Bergeheia/Krunefjell som kulisse
Den imponerande kanalen nedanfor stemmen i Longavatnet med Bergeheia/Krunefjell som kulisse

Opprinneleg var tanken å gå sørover vatnet, men i den sure motvinden me ville ha fått, vart det heller vendereis. Denne vart derimot heilt super, med kontrollert nedrenn, først i den eigentrødde løypa, sidan ned til Grimsli. Utanom hyttefolka ved Forenesvatnet traff me utruleg nok ikkje folk før me var nede i Grimsli att. Det var nok isforholda på Liarvatnet som skremde vekk folk frå å ta seg innover, for det var i alle fall eit yrande liv i Foreneset då me var tilbake på parkeringsplassen. Trafikkaoset med såg for oss, slo óg til for fullt, for det stod bilar langs vegen heilt ned til garden i Dalen.

Flott nedrenn mot Forenesvatnet med utsikt mot Ternefjell, Reinaknuten og Skorafjellet
Flott nedrenn mot Forenesvatnet med utsikt mot Ternefjell, Reinaknuten og Skorafjellet
Vintraleg ved Grimsliåna
Vintraleg ved Grimsliåna

Fasit for turen vart snaut 15 km, 150 hm og snaut 5 timar i uvanleg fine forhold på alle vis.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.