Toppraid i søre Strand #4 (22.12.2020)
Bestigninger | Askjeliåsen (130moh) | 22.12.2020 |
---|---|---|
Iglåsen (98moh) | 22.12.2020 | |
Nedrafjellet (156moh) | 22.12.2020 |
Fin ettermiddagstur med utgangspunkt frå Stemvegen ved Bergsvika. Først greit opp på Nedrafjellet der eg fann fjellbolten på høgaste punktet i nord, etter først å ha vore på sekundærtoppen lenger sør. Støkte óg opp ein hjort, og var tilbake ved bilen etter ein god halvtime.
Så gjekk eg inn vegen til Berge og busha bratt opp på Askjeliåsen frå vest. Her fann eg ein av få mulige trasear opp ei bratt renne, og så i kne-og skritthøg mose og lyng; kunne hatt god nytte av truger her! Fleire mulige toppunkt, bl.a. ei diger flyttblokk som truleg var høgast.
Retur same veg ned det brattaste, og så eit stykke på traktorveg i retning Iglåsen. Greit opp frå (nord)vest her óg, og igjen fleire mulige toppunkt inkludert ei stor flyttblokk. Retur gjennom gardstunet på Berge og tilbake ved bilen etter gode 1 ½ time på tur.
Kommentarer