Målandsheia (forsøk på Salane) på ski frå Målandsdalen (03.03.2020)
Fin tur til Målandsheia frå Boremyr, kunne gå greit på ski frå bommen på traktorvegen. Det var meldt ganske kraftig sørleg vind i høgda, og det såg ut til å føyka på toppane. Eg hadde derfor ikkje stor tru på å koma meg opp på Salane, som var målet for turen. Det var fine snøforhold innover med nysnø, men føyka så kraftig med 12-15 m/sek frå sida at eg snudde før eg kom opp på platået ved Salane. Aleine og utan slalåmbriller var det nyttelaust å fortsetta. I staden rann eg ned att eit stykke og gjekk opp til Målandsvatnet. Her gjekk eg med vinden midt imot, og med føyka piskande i ansiktet, så det var bare å snu ved vatnet. To små flokkar kvitkledde ryper liva opp under dei barske forholda, og det vart om lag 2 ¼ timar på tur.
Kommentarer