Reinaknuten og Krossen frå Bjørheimsheia (07.09.2019)


Map
Ascents Krossen (718m) 07.09.2019
Vestre Reinaknuten (787m) 07.09.2019

Skoddetur til Reinaknuten trass godversmelding. Etter styrtregnet dagen før, var det nok ikkje anna å venta, for det var mykje vatn som skulle fordampa denne morgonen. Planen var å gå normalvegen over Krossen og heilt inn langs Reinaknuttjødnane, og først få med meg Skorafjellet, men frå skardet før nedstigninga til Tysdalsheia var Skorafjellet knapt synleg i skodda, så det var bare å gi opp utan GPS.

I oppstigninga mot Krossen med tilbakeblikk mot Skjørbu og Bjørheimsheia
I oppstigninga mot Krossen med tilbakeblikk mot Skjørbu og Bjørheimsheia
Mot Longabergdalen og Terneskardet, med Tibergfjellet til høgre
Mot Longabergdalen og Terneskardet, med Tibergfjellet til høgre
Våt haustmyr med hovudtoppen på Tibergfjellet i bakgrunnen
Våt haustmyr med hovudtoppen på Tibergfjellet i bakgrunnen
Mot Reinaknuttjødnane og skardet innanfor, flankert av Reinaknuten og Ternefjellet i skodda
Mot Reinaknuttjødnane og skardet innanfor, flankert av Reinaknuten og Ternefjellet i skodda
I skardet innanfor Reinaknuttjødnane. Skodda ligg tett over Tysdalsheia, men Forenesvatnet skimtast så vidt bak til høgre
I skardet innanfor Reinaknuttjødnane. Skodda ligg tett over Tysdalsheia, men Forenesvatnet skimtast så vidt bak til høgre

Derfor vart det retur langs tjødnane og til topps på Reinaknuten. Skodda låg dessverre tett på toppen, første gang her oppe utan sikt for min del, men kjekt likevel. Retur tilbake over Krossen og oppom toppunktet her óg. Det var håp om oppklarning fleire ganger ila. turen, men skodda låg ganske stabil på om lag 700m høgde heile føremiddagen. Om lag 3 ½ timar på tur.

I tett skodde på Reinaknuten
I tett skodde på Reinaknuten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.