Frå Gjendesheim til telt i Nedre Russglopet via Besseggen (09.08.1992)


Kart
Bestigninger Veslfjellet (1743moh) 09.08.1992
Andre besøkte PBE'er Besseggen (1500moh) 09.08.1992

Sommartur i Jotunheimen 1992, dag 0 og 1

Sommarturen med Geir dette året gjekk til Jotunheimen, og denne gongen var Vegard med oss på ein ambisiøs 7-dagars runde. Med ungdomskort frå DNT med billig overnatting på sovesal og medbrakt 3-manns telt, låg alt til rette for mykje moro for pengane. Første natta la me oss i Fjällräven-teltet mitt på den flataste flekken me kunne finna ovanom Gjendesheim, til smellvakker utsikt over fjellsjøen.

Kveldsidyll ovanom Gjendesheim
Kveldsidyll ovanom Gjendesheim
Ditto!
Ditto!

Første skikkelege turdagen gjekk me over Besseggen – 3 år sidan sist for min del – og ei like fin oppleving no som då. Me skulle vidare til Glitterheim, så då var det sjølvsagt mykje å spara på å droppa turen nedom Memurubu. Det er jo noko av bonusen med telt sjølv om ein går på T-stiar, at ein kan velja rute så mykje friare. Me la difor vegen ned i Russglopet og fann ein framifrå teltplass der mellom Besshø og Gloptinden.

Tilbakeblikk mot Gjendesheim frå Veslefjellet
Tilbakeblikk mot Gjendesheim frå Veslefjellet
På toppen av Veslefjellet, som ikkje er så reint lite
På toppen av Veslefjellet, som ikkje er så reint lite
Med tunge bører på Besseggen
Med tunge bører på Besseggen
Klassisk utsikt frå Besseggen innover Gjende
Klassisk utsikt frå Besseggen innover Gjende
Vel nede av det brattaste
Vel nede av det brattaste
Straks nede på Bandet
Straks nede på Bandet
Matpause på Bandet med Besseggen i retrospekt
Matpause på Bandet med Besseggen i retrospekt
Mot ruvande Surtningssua
Mot ruvande Surtningssua
Mot Russvatnet og overgangen til Glitterheim ved Austre Hestlægerhø, der me skal vidare neste dag
Mot Russvatnet og overgangen til Glitterheim ved Austre Hestlægerhø, der me skal vidare neste dag
Mot Nedre Russglopet og sørenden av Russvatnet
Mot Nedre Russglopet og sørenden av Russvatnet
Fredeleg teltplass under Besshø i Nedre Russglopet
Fredeleg teltplass under Besshø i Nedre Russglopet
Suppe på gang i forteltet
Suppe på gang i forteltet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.