Halvmaraton gjennom Jørpelandsheia #2, denne gangen på ski (24.03.2018)


Kart
Bestigninger Godlifjellet (768moh) 24.03.2018

Turar frå A til B er alltid kjekkast, og med flottare snøforhold i Jørpelandsheia enn på mange år, hadde me lyst til å prøva på ein skikkeleg langtur på ski. Som tenkt så gjort!

Me plasserte ein bil øvst i Målandsdalen der skogsvegen går opp til Tjødnadalsheia, og kjørte den andre til Liarvatnet. Planen var ambisiøs nok, og heilt avhengig av trygge islagte vatn og godt snødekke: Svortingsvatnet, Hengjanevantet, Svartavatnet, Longavatnet og opp Skitli. Det var derfor eit aldri så lite sjokk då det viste seg at Liarvatnet berre på siste døgnet var heilt oversvømt av overflatevatn og ikkje lenger gangbart. Ikkje det at retur over Liarvatnet var førstevalget, men likevel ein god plan B. Nei, dersom det var like gale på Svortingsvatnet, ville planen ikkje la seg gjennomføra.

Likevel tok me skia på sekken og ville prøva oss opp Lågalia, i håp om at Svortingsvatnet vel 150m høgare var forskåna for så mykje væte. Me kom oss greit opp lia og runda spente høgdedraget ved stemmen, og var langt frå nøgde med synet som venta oss; ganske tett med våte flekkar i snøen óg på Svortingsvatnet. Likevel rann me ned på isen og freista oss innover langs nordsida. Det var beint fram kliss snøsørpe, og det gjekk ikkje lenge før den ringaste skiskoen min var gjennomvåt. Etter kvart fann me ut at det var tørrare langs land, og me heldt oss ovanom brotkanten på isen der. Slik gjekk det ganske greit innover, og me heldt grei fart. Nokre plassar måtte me ut frå land og gjennom våtare snø, men over kom me oss, og etter ein snau time frå stemmen kom me i land på eidet under Naganibba. Me var mildt sagt spente på om det var tørrare snø over Hengjanevatnet, noko det var god grunn til å håpa på fordi vatnet ikkje er regulert. Og heldigvis holdt dette stikk, og me tok fornøgde ein god matpause i vestenden.

På neset i Svortingsvatnet mot Naganibba. Det er svært vått på vatnet
På neset i Svortingsvatnet mot Naganibba. Det er svært vått på vatnet
Pause ved vestenden av Hengjanevatnet med Godlifjellet i bakgrunnen
Pause ved vestenden av Hengjanevatnet med Godlifjellet i bakgrunnen
Frå same staden mot Ørnabu, som Jørpeland ungdomsskule disponerer
Frå same staden mot Ørnabu, som Jørpeland ungdomsskule disponerer
På Hengjanevatnet mot Djupedalen og Godlifjellet
På Hengjanevatnet mot Djupedalen og Godlifjellet

Skodda over toppane her inne kom og gjekk, men det såg ikkje aller verst ut med enkelte blå hol i skydekket. Etter pausen gjekk det radig tvers over Hengjanevatnet; me hadde studert kart og terreng og kome fram til at det ville vera slakaste oppstigninga frå inste botnen i austenden. Like ved hytta som ligg der, fann me ei grei oppstigning til bandet mot Klomravatnet, og derifrå kryssa me oppetter sørryggen av Godlifjellet. Det var brukbar sikt, og interessant utsikt både mot Hengjane og der me kom ifrå. No lysna skydekket meir og meir, og enkelte solstråler streifa oss. Men etter kvart som me kom opp til toppområdet og tjødnane der, vart det gråare att. Her oppe var det godt med snø av det tørrare slaget, og skikkeleg vintraleg. Kort under toppen la me att sekkene og tok oss greit opp til varden, for min del 30 år sidan forrige gang!

Tilbakeblikk mot Hengjane- og Svortingsvatnet
Tilbakeblikk mot Hengjane- og Svortingsvatnet
Frå oppstigninga mot Godlifjellet med utsikt mot Klomravatnet og Midtvatnet ovanom Hengjane
Frå oppstigninga mot Godlifjellet med utsikt mot Klomravatnet og Midtvatnet ovanom Hengjane
Vintraleg på Godlifjellet, med utsikt i retning Lysefjorden
Vintraleg på Godlifjellet, med utsikt i retning Lysefjorden

Det var ikkje klar sikt, men det kom og gjekk med åpningar, og me såg godt Bratteliknuten og ruta vidare over Svartavatnet. Etter å ha venta ei kort stund på skikkeleg lette, rann me ned att til sekkene og vidare ned til den største tjødna. Herifrå fann me ein nokonlunde grei trase ned dei 200 hm til Godlitjødna, gjennom meir og meir håplaus sørpesnø. Men no vart i alle fall veret berre betre og betre, med alle toppane klare.

På toppen av Godlifjellet utan sikt
På toppen av Godlifjellet utan sikt
Åpning mot Naganibba
Åpning mot Naganibba
Nedkjøring mot den største tjødna på Godlifjellet
Nedkjøring mot den største tjødna på Godlifjellet
Nedkjøring mot Godlitjødna med utsikt mot Bratteliknuten
Nedkjøring mot Godlitjødna med utsikt mot Bratteliknuten
Utsikt mot Godlitjødna og Svartavatnet bak til venstre
Utsikt mot Godlitjødna og Svartavatnet bak til venstre
Flott og tidvis bratt nedkjøring. Skitli der me skal opp seinare, sjåast bakerst
Flott og tidvis bratt nedkjøring. Skitli der me skal opp seinare, sjåast bakerst
Ved Godlitjødna
Ved Godlitjødna

Det var spanande for meg å endeleg vera heilt her inne der Idsestølen skal ha lege, og dette var utan tvil "point of no return" for oss. Det var merkbart meir snø på tjødnane her, og nedgangen til Svartavatnet viste seg å vera heilt grapsen, i snøsørpe og over urd og grovkalibra steingrunn. Me var sanneleg glade då me endeleg kunne skli ut på sørenden av Svartavatnet! Her inne var eg for berre tre veker sidan, og traseen over vatnet og over skardet til Longavatnet gjekk radig. Det tok difor ikkje lange stunda før me passerte den gamle koia ved bekkeosen, og Longavatnet etter kvart opna seg framfor oss. No skein veret endå meir opp, og det var tid for ny matpause i austsida av vatnet.

Mot sørenden av Svartavatnet
Mot sørenden av Svartavatnet
Bratteliknuten sett frå Svartavatnet
Bratteliknuten sett frå Svartavatnet
Steinfjellet sett frå myra sør for Longavatnet
Steinfjellet sett frå myra sør for Longavatnet
Den gamle koia ved bekkeosen i Longavatnet
Den gamle koia ved bekkeosen i Longavatnet
Frå sørenden av Longavatnet med utsikt nordover vatnet. Me ser Liaknuten vil venstre, Brogaheia i midten og Vardhusheia med Skitli til høgre, der me skal opp
Frå sørenden av Longavatnet med utsikt nordover vatnet. Me ser Liaknuten vil venstre, Brogaheia i midten og Vardhusheia med Skitli til høgre, der me skal opp
God matpause ved Longavatnet
God matpause ved Longavatnet
Mot Liaknuten
Mot Liaknuten

Etter påfyll av både næring og sol, byrja me på traskinga opp mot den åpne Skitlia, som forhåpentleg kunne skilta med tørrare snø. Men før me kom så langt, måtte me gjennom skogen og snøsørpa ved nedre Krødene. Det gjekk på eit vis, og då me kryssa Skitliåna, fekk me fin og nokså tørr snø under skia att. Me visste at vegen over Longavatnet og Brogaheia ville vera kortare, men valde å ta denne høgare traseen pga. betre snøforhold og fordi den ventande bilen stod der han stod.

Krongle men vakkert ved nedre Krødene
Krongle men vakkert ved nedre Krødene
På tørrare snø opp Skitli mot Venavatnet
På tørrare snø opp Skitli mot Venavatnet

Det vart ein fin, men litt keisam transportetappe forbi Venavatnet og Hildravatnet, kor me holdt om lag 650m koten. Me burde teke 30 minutt oppom vakre Vardhusheia, men valde å heller halda stø kurs nordover. Me kom inn på eit skuterspor ved Hildravatnet, som tydeleg hadde same kurs som me skulle, og det synte seg å leia beint på skogsvegen me skulle ned. På høgaste punktet ved Tjødnadalsheia tok me av langfellene, og så bar det slakt og fint nedover. På ulikt vis kom me oss ned dei brattare partia av vegen, og sanneleg traff me rett og kunne ta kvarandre i handa og takka for turen etter snaue 8 ½ timar.

Hytter under Venafjellet
Hytter under Venafjellet
Lettgått, men keisamt og langdrygt terreng ved Venavatnet og Hildravatnet
Lettgått, men keisamt og langdrygt terreng ved Venavatnet og Hildravatnet
Nedkjøring langs skutersporet. Skogsvegen frå øvst i Målandsdalen kjem opp til venstre for knausen
Nedkjøring langs skutersporet. Skogsvegen frå øvst i Målandsdalen kjem opp til venstre for knausen

Berre snøforholda og manglande rundskue på Godlifjellet hindra dette frå å bli 100% klaff, men alle ting tatt i betraktning vart dette ein særs vellukka tur, og ikkje minst eit godt døme på at den som vågar, han vinn!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.