Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (1)
- Fisketur (1)
-
Annen vintertur (4)
- Trugetur (4)
- Fottur (196)
-
Klatring (1)
- Isklatring (1)
-
Skitur (60)
- Fjellskitur (27)
- Langrennstur (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Sykkeltur (4)
- Blandet sykling (2)
- Gatesykling (1)
- Terrengsykling (1)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Skaget
- Dato:
- 21.08.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 8,2km
Triveleg tur til Skaget i dag saman med min gode turven Karin. Skaget ligg i Østre Slidre i Langsua nasjonalpark og ligg 1685 moh. Dette fjellet er ein av dei 100 "kremtoppane sør for Trondheimsfjorden" i ei bok utgitt av Erik W. Thommessen.
Og det er verkeleg ein krem-topp. Turen starta ved ein ny flott parkeringsplass ved stølen Storeskag vel 20 km køyring frå Rv51 ved Hegge. Her er informasjonstavler, bord og benkar og toalett.
Det er fleire alternativ å koma seg til toppen. Me valde "Normalvegen" opp, dog med litt avvik øvst for å få med alle toppunkta. Stort sett fjellvegetasjon og litt steinur og vidare fast fjell mot toppen. På toppen var det ein flott varde som sjølvsagt måtte fotograferast.
Returen gikk via "sørvest vegen". Dette var ein artig >>>
Tenlehytta og Vardhovdtind
- Dato:
- 01.08.2019
- Distanse:
- 15,5km
Fin tur til Vardhovdtind fyrste dagen i august.
Starta frå Grøv-stølen og fylgde V-merka rute til kryss med sti til Børrenøse. Derfrå var det T-merka sti som me fylgde til toppen av Vardhovdflenane. Deretter var det fritt fram. Har registrert turen 12 gonger på ski, men aldri på barmark. Mange reinsdyr å sjå. Me såg òg ei rypemor som passa på sine 5 små. Flott og lett terreng å gå i og god utsikt i alle retningar. Brukte litt over 3 timar opp og ca 1,5 time ned att i gangtid.