Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Heirsnosi

Dato:
09.06.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
5,2km

Andre bestigning til fots i 2014. Køyrde gamle Heirsnosvegen opp til Rausdalssvingen der me tok av vidare innover Rausdalen. Starta ved vassinntaket til Hydro Energi for å unngå kryssing av den vårstore elva frå Skogsvatnet og Småløyftevatna. Brukte litt over ein time opp. Flott utsikt, men værmeldarane svikta som vanleg. Det var meldt strålande sol, men me såg berre så vidt atti ho. Lett fin tur til ein PF 100 topp i Årdal kommune. Me slentra nedatt til utgangspunktet på tre kvarter, inkl. ein del bilettaking. Temperaturen var 12 grader. Karin & Jonny

Kart    

Korenosi via Lovardalsnosi

Dato:
18.05.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
6,6km
Kart    

Graveskarnosi

Dato:
20.04.2014
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
11,2km

Graveskarnosi (1532 moh) er eit fint turmål kring påsketider eller gjerne før på vinteren dersom snøtilhøve og ver gjer det mogeleg. Me starta turen vår ved Jotnevåken på Tyinosen (ca 1080 moh) og tok rett nordover opp bakkane bak hyttene. Her fylgde me den naturlege og godt synlege renna i terrenget som førde oss vestover og oppover. Me runda litt til høgre ved omlag 1300 meters høgd, opp til eit naturleg søkk i terrenget under Buvassnosi. Her, på 1400 meter, var det greitt med ein liten stopp med ein kaffikopp og nistemat, etter som me no hadde teke den tyngste delen av turen. På flatt terreng gjekk me vidare vestover under høgde 1520, som i seg sjølv er eit fint turmål. Så opp eit lite "strype" før me runda til venstre, sør-vestover ut mot høgaste punktet og >>>

Kart    

Trimtur over Yttre Moa og til Moakamben

Dato:
05.01.2014
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
6,0km
Kart    

Hausttur til Søre-Knipen

Dato:
19.09.2013
Distanse:
8,2km
Kart    

Gruvefjellet via Vardanosi frå Seimsdalen, retur Grøndalen

Dato:
11.07.2013
Distanse:
21,2km
Kart    

Førmiddagstur til Vetleknipen

Dato:
01.06.2013
Distanse:
4,4km
Kart    

Skitur til Ingebjørgsfjellet

Dato:
11.04.2013
Distanse:
26,0km

Seimsåsen/Ofredalen er eit godt utgangspunkt for skiturar. Etter som Årdal Turlag har planlagt skitur til Ingebjørgsfjellet 21. mars, kan det passa med å presentera vår tur i dag. Turkamerat denne gongen var Ivar Seim. Ingebjørgsfjellet er grensetopp mellom Årdal og Luster. Dette er ein tur som kræv det meste av dagen for meg med kondis og trening slik midt på treet. Med andre ord bør ikkje dette vera den fyrste skituren ein legg ut på i vinter. Turen starta i svingen rett oppom garden Åsete i Indre Ofredal, eller Åsetesvingen som han gjerne vert kalla. Ein føl tømmervegen så langt den går, opp til Bordhaug. Derifrå føl skiløypa stølsvegen fram dalen. Etter vel ein time, er me på Nystølen. Stølen låg i tidlegare tider lengre heime i dalen, men det seiest at grunna hyppige >>>

Kart    

Fonnkloppeggi

Dato:
26.03.2013
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
10,9km
Kart    

Gryta, Karin og eg.

Dato:
24.01.2013
Turtype:
Isklatring
Turlengde:
4:30t
Distanse:
8,0km

Tur til Gryta i Vikadalen 24. januar 2013. Det var klårt og temperaturen var -12 grader då me reiste frå Seimsdalen, mi kjære kone Karin og eg. Turmålet for dagen var ”Gryta” inne i Vikadalen. Etter å ha parkert ved busstoppen i Vikadalen kl 10.30 tok me føtene fatt. Med godt mot og målet for auget la me ut i friskt tempo. Gryta er ei sylindrisk grop i fjellet med steile fjellsider på opp til 110 meter høgd, så nær som det smale dalføret som fører vestover, og nedover mot Sognefjorden. Ei kjempestor jettegryte med andre ord. Elveinnløpet til Gryta kjem i form av ein foss på nord-austsida med omlag 70 meters fallhøgde. Når det er gangbart i dette området, berre etter langvarig kulde, er fossen frosen til ei issøyle. Me passerte Naddvik kraftstasjon etter eit kvarters gange >>>

Kart