Archive - Date
Archive - Activity
-
Bike trip (4)
- Bike trip - mixed (2)
- Bike trip - off-road (1)
- Bike trip - road (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
-
Other trip (1)
- Fishing (1)
-
Other winter trip (4)
- Snowshoe trip (4)
-
Ski trip (60)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Trip by foot (197)
- Alpine trip (2)
- Hike (114)
- Hillwalk (70)
- Walk (1)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Stetinden
- Date:
- 20.09.2014
- Characteristic:
- Alpine trip
- Duration:
- 7:30h
- Distance:
- 12.5km
Dette var vår laurdagstur på Pakbook-treffet på Leirvassbu, eit arrangement me (Karin og eg) hadde gleda oss til heilt sidan me melde oss på tidleg på året.
Og me vart slett ikkje skuffa. Eit omfattande turprogram vart gjennomført og om kveldane kunne me gleda oss over fantastiske bildeforedrag av folk som heilt klart har ”meir i ryggsekken” enn oss.
Stor takk til arrangøren med Morten i spissen og vel blåst!
Me hengde oss på laurdagsturen til Stetinden. Turen var opplagt som familietur og såg ut til å passa vårt nivå. Godveret frå fredagen forsvann diverre over natta og det var litt grått kring ”nevene” då turfylgjet på 20 starta frå tunet på Leirvassbu kl 09.10. Men alle var opplagde og ved godt mot.
Dei fyrste 2,5 km gjekk etter anleggsvegen nedover Gravdalen. Deretter >>>
Kveldstur til Mastrehaugfjellet
- Date:
- 16.09.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 5.2km
Det flotte haustveret lokka Karin og meg på kveldstur på Seimsåsen. Turen vart ein kombinert tytebærtur og fjelltur utan hastverk. God sikt til fjellområda kring Årdal förde til taking av ein del nye bilete.
Etter å ha vore på høgaste punktet på Mastrehaugfjellet, oppdaga me på returen ein gamal, nesten attgrodd sti som eg ikkje har sett før.
Det betyr at retursporet på GPS syner der stien går. Kan tenka meg å merka denne stien betre, og i tillegg setta opp ein varde på toppunktet, noko som pr. i dag ikkje finst.
Frå parkeringsplassen ved Åsetetjørni og opp til varden på Biskaholten tek det vel ein halv time. Herfrå og bort til høgaste punktet på Mastrehaugflellet gjer ein fint unna på 20 min.
Tytebærfangsten vart 1,75 kg.
Fottur til Store Ringstinden
- Date:
- 05.09.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 12:00h
- Distance:
- 18.7km
Denne tinden er nok ein dominerande skitur-topp. Det burde han ha vore for oss og, men div. problem tvinga oss til å snu 24. Mai 2008. Etter det, har tinden lege bak i hovudet og ”murra”.
Fint ver, matchande fri-skift for Arild og løyve heimanfrå stemde over eins, og då var det berre å trø til.
Svært spente på bre-tilhøva la me i veg innover Ringsdalen etter å ha parkert ved enden av den vesle anleggsvegen. (demningen) Klokka var då 09.10.
Etter tre kvarter kryssa me grensa til Nasjonalparken. Dersom ein er glad i steinurder, er turen herfrå og opp til brekanten rette staden.
Kl. 11.45 tek me fat på det bratte partiet på austsida inne i dalen. Her er delvis merka ein oppgang som fører oss over ein høgde med varde og deretter ned til brekanten.
Her frå er det fin oversikt >>>
Ulsnanosi
- Date:
- 21.08.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 16.5km
Arild (Appiz) og eg starta frå parkeringsplassen ved Hjelle Gard i Utladalen. Her er det merka sti (DNT) opp Hjelledalen. På "Bråtet", 460 moh der taubana endar, var det naturleg med fyrste pause. Flott utsikt og ferdig med den verste stigninga.
Vidare på god sti til Heimre Hjelledalen (Vårstølen) og vidare til Fremre Hjelledalen. Alle stølshusa på begge stølane er sett i stand og er nærast eit glansbilete. All ære til dei som har sett i stand husa.
På vegdelet oppe i bakkane etter Fremre Hjelledalen tok me til venstre, på stien som går til Øytjørni og Morkaskardet. Med ein gong terrenget flatar ut, kjem ein til ein høg slank varde ved stien. Her tok me rett opp til venstre, retning Ulsnanosi.
Me fylgde høgdene innover, kryssa eit par små "dalar" og etter >>>
Bonustur til Nedre Tverrberget
- Date:
- 08.08.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 4.8km
Etter etter å ha kome attende til anleggsvegen ved Vikadalsvatnet etter Raudbergsnuten og Fossek-traversen, var dagen framleis ung, veret flott og formen det same. Me avgjorde difor å få med oss ein "bonustopp".
Valet vart Nedre Tverrberget, ein pf100 som framleis var grå på kartet mitt.
Me starta ved øvre enden av Nysetvatnet og brukte omlag ein time opp på høgaste punktet.
Rett før toppen låg ein svær spiss stein. På toppen var det ingen varde, så me la nokre steinar oppå kvarandre for å markera toppunktet.
Flott utsikt til Graveggi, Kråkebergnosi og ikkje minst Raudbergsnuten og heile Fossek-ryggen som me hadde gått tidlegare på dagen.
Turdeltakarar : Jon E. og JonnyA
Raudbergsnuten og Fossektraversen
- Date:
- 08.08.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 11.3km
Raudbergsnuten, like mektig og flott frå alle kantar.
Raudbergsnuten er eit fjell som har stått på besøkslista i fleire år. No var tida inne til å ta turen. Utgangspunktet for turen var Sluten på Filefjell. Anleggsvegen opp Valdresdalen kan ein gå, sykla eller om ein er heldig få haik med nokon som har lov å køyra bil her.
Alternativt kan ein gå Slutedalen.
Sjølve toppturen for Jon Einemo og meg starta ved utløpsenden av Nedre Vikadalsvatnet. Me tok opp dalføret rett nordover mot høgde 1572, runda denne på austsida og dreia til nordvest via ein liten dalbotn. Deretter rett mot søkket like under toppen. Her var ei naturleg renne med raudt fjell i kanten av brefonna der det var fint å koma opp.
Tåkeskyer som dreiv litt, hindra den store utsikten, men det var likevel flott endeleg >>>
Grønvassnosi
- Date:
- 02.08.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 15.4km
Grønvassnosi
Kl. 10.00 parkerte me ved avkøyrsla til stølen Murane i Fardalen. Målet for dagen var Grønvassnosi. Dette er ein av 63 toppunkt i Årdal kommune med pf 100.
Grønvassnosi er ein grensetopp mellom Årdal og Luster og ligg 1598 meter over havet. Med på turen var Karin, broren Idar og eg.
Me tok opp på vestsida av brua der Tindevegen kryssar Fardøla, passerte Johannanosi og runda innover til Kvannegrø. Der tok me opp ei tydleg skor i fjellsida der ein kan velja urd eller gras til underlag. Me gjekk opp grasbakkane og det gjekk fint. Vel oppe på ei flate med ei fin tjørn skrådde me oppover til venstre for å koma oss oss opp på fjellryggen. Deretter var det greitt å gå innover høgdene mot dagens mål.
Kl 13 stod me alle på toppen. Det var flott utsikt mot Falkanosi (Luster) >>>