Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Myrhyrna

Datum:
19.09.2024
Entfernung:
6,6km

Årets Jostedals-tur gjekk til Myrhyrna (Myrhønna). Ein grei tur med ein del slalåm og berg-og dalbane utover eggen. Flott utsikt over dalen og innover Jostedalsbreen framme på trig-punktet. Kosa oss med pizza og vin på Jostedal Hotell om kvelden. I fjor var me på Vangsen, så me satsar på at dette vert ein tradisjon. Mange flotte turmål her i dalen. Største problemet er å få hotellrom. Det er stort sett fullt heile sommaren.

Karte    

Vangsen

Datum:
14.07.2023
Entfernung:
7,4km

Karin hadde prata om denne toppen lenge, og mellom to lågtrykk hadde ho bestemt seg, bestilte rom på Jostedalen Hotell og då var det berre å henga med. Frå Krekane tok me opp Vanndalen til Vanndalsvatnet 1057 moh der det var fin parkeringsplass. Følte oss litt åleine i eit stort nytt område, og berre ein utanlandsk bubil på plassen attmed. Men me sala på oss og la i veg ned bakkane mot ei solid bru. Lett å sjå at stien var mykje brukt. So vart det bratt oppover bakkane på andre sida med blaut jord, stein og vegetasjon i skjønn foreining. Der er det komen ein bil til på parkeringsplassen, seier Karin, og ein person kom bortetter stien i luntetrav. Me var ikkje lenger åleine her. I 1300 m høgd vart det ein 90 graders til høgre med 100 høgdemeter med stein og ur til me møtte >>>

Karte