Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (1)
- Fisketur (1)
-
Annen vintertur (4)
- Trugetur (4)
- Fottur (196)
-
Klatring (1)
- Isklatring (1)
-
Skitur (60)
- Fjellskitur (27)
- Langrennstur (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Sykkeltur (4)
- Blandet sykling (2)
- Gatesykling (1)
- Terrengsykling (1)
Arkiv - Etter geografi
"Peakbookvenner"
Favorittopper
Slettmarkpiggen
- Dato:
- 25.07.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 25,7km
Torsdag var det meldt godt vêr og dermed duka for fjelltur. Vekkarklokka ringde 05.00 og ei stund etter plukka eg opp Morten som då sto klar. Sekkane var pakka med mat, drikke, ekstra klede og noko tryggingsutyr. Dagens turmål var Slettmarkpiggen. Denne ligg mellom Bygdin og vestenden av Gjende. Me starta frå Eidsbugarden litt over kl. 7, og vandra ein times tid langs Bygdin i ein sti som var prega av myr og søle. Deretter bar det opp bakkane til brua der me kryssa elvi Høystakka. Terrenget flata ut og det var fint å gå innover. Slo av ein prat med fleire turgåarar under vegs. Alle helsar og snakkar med kvarandre i fjellet. Etter kvart tok me opp Uksedalen på stien mot Torfinnsbu. Midt oppe i dalen kryssa me elvi og vidare opp bakkane på andre sida. Vel oppe på fjellryggen gjekk >>>
Snøggeknosi
- Dato:
- 18.08.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 12,3km
Fylgde stort sett MortenH sitt track via østtoppen og til topps. Returnerte via Smoget og Urdalen på sleipe svaberg og glatt steinur etter ei skikkeleg regnbye. Vart ein del kryssing ned mot Smoget for å finna ein "forsvarleg" veg.
Buvassnosi - Graveskarnosi
- Dato:
- 20.07.2020
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:05t
- Distanse:
- 10,4km
Koldedalen og Uradalen med fleire
- Dato:
- 10.07.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 16,3km
Kjempeflott dag i fjellheimen saman med min kjære turven. Me tok det veldig med ro denne dagen og nytte godvêret og det utruleg flotte området. Starta ved Raudehaugen i Koldedalen etter ein halvtime med svært dårleg anleggsveg. På utosen av Uradalsvatnet etter ein time. Etter 2,5 timar var me ved nordenden av Uradalsvatnet. Her tok me opp bakkane mot skaret mellom Skarbottstinden (kartnamnet) og høgde 1693. Etter ytterlegare 1 time var me oppe i skaret. Her måtte me gå rundt på sørsida av tjernet ettersom det låg ei bratt snøfonn ned på nordsida og normalt korteste vegen. Siste etappen sørover mot mot toppunktet var grei, lett å gå på dels lange svaberg. Var på toppen kl 14.40, 4 timar og 40 minuttar etter start. Flott utsikt mot tindene våre, spesielt Falketind, Stølsnostind >>>