Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Gryta, Karin og eg.

Date:
24.01.2013
Characteristic:
Ice climbing
Duration:
4:30h
Distance:
8.0km

Tur til Gryta i Vikadalen 24. januar 2013. Det var klårt og temperaturen var -12 grader då me reiste frå Seimsdalen, mi kjære kone Karin og eg. Turmålet for dagen var ”Gryta” inne i Vikadalen. Etter å ha parkert ved busstoppen i Vikadalen kl 10.30 tok me føtene fatt. Med godt mot og målet for auget la me ut i friskt tempo. Gryta er ei sylindrisk grop i fjellet med steile fjellsider på opp til 110 meter høgd, så nær som det smale dalføret som fører vestover, og nedover mot Sognefjorden. Ei kjempestor jettegryte med andre ord. Elveinnløpet til Gryta kjem i form av ein foss på nord-austsida med omlag 70 meters fallhøgde. Når det er gangbart i dette området, berre etter langvarig kulde, er fossen frosen til ei issøyle. Me passerte Naddvik kraftstasjon etter eit kvarters gange >>>

Map