Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (1)
- Fischen (1)
-
Andere Wintertour (4)
- Schneeschuhtour (4)
- Fahrradtour (4)
-
Fußtour (196)
- Bergtour (70)
- Hochtour (2)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (113)
-
Klettern (1)
- Eisklettern (1)
-
Skitour (60)
- Langlauf (26)
- Randonnée/Telemark (5)
- Tourenskilauf (27)
Archiv - Nach Geografie
Peakbookfreunde
Lieblingsgipfel
Skaget
- Datum:
- 21.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,2km
Triveleg tur til Skaget i dag saman med min gode turven Karin. Skaget ligg i Østre Slidre i Langsua nasjonalpark og ligg 1685 moh. Dette fjellet er ein av dei 100 "kremtoppane sør for Trondheimsfjorden" i ei bok utgitt av Erik W. Thommessen.
Og det er verkeleg ein krem-topp. Turen starta ved ein ny flott parkeringsplass ved stølen Storeskag vel 20 km køyring frå Rv51 ved Hegge. Her er informasjonstavler, bord og benkar og toalett.
Det er fleire alternativ å koma seg til toppen. Me valde "Normalvegen" opp, dog med litt avvik øvst for å få med alle toppunkta. Stort sett fjellvegetasjon og litt steinur og vidare fast fjell mot toppen. På toppen var det ein flott varde som sjølvsagt måtte fotograferast.
Returen gikk via "sørvest vegen". Dette var ein artig >>>
Vesle Jukleeggi, Hemsedal
- Datum:
- 18.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 29,5km
Tur til Vesle Jukleeggi i dag. Toppen ligg på grensa mellom Lærdal og Hemsedal og er 1703 meter oh. Turen starta frå parkeringsplassen (1125 moh) ved utosen på Eldrevatn på Hemsedalsfjellet. Me sykla oppover og austover anleggsvegen (som var i skikkeleg god stand) til demningen på Store Juklevatnet (1315 moh), ei strekke på 8,6 km. Brukte i underkant av 1,5 timar opp. Her parkerte me syklane og tok beina fatt. I fint og lettgådd terreng var toppunktet nådd etter 1,5 timar. Flott utsikt ned Grøndalen og mot Haukebotnen, Haukefjellet, Store Jukleeggi og til kongen av Hemsedal, Høgeloft, som er heile 1920 m høg. Ein god regnkave nådde oss so vidt i før me var nede på parkeringsplassen att. Heile turen tok i underkant av 5 timar.
Gamle Ylja kraftstasjon
- Datum:
- 08.08.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 6,3km
Kosetur saman med barnebarn Anna. Ho kunne tenka seg å etablera eit hotell i den gamle kraftstasjonen. Etter turen vart det skissert planar om innreiing, fasadar og fasilitetar. Ein flott og spanande tur!
Fannaraaken
- Datum:
- 04.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,3km
”Dei galne (gamle) har det godt”. Med eit lite vindauge av godvêr i sikte, vart telt, soveposar og kokeutstyr frå midt på 70-talet pakka og syklar hengt på bilen fyrste laurdagen i august.
Ved destinasjon Turtagrø var det kamp om parkeringsplassane, men endeleg etter ei stund var det ein plass for oss og. Me fekk pakka på oss sekkar og utstyr og av garde bar det innover Helgedalen med Fanaråken i sikte. På veg frå parkeringsplassen mot avkøyrsla til Helgedalen stoppa ein utlending med stor medynk for oss og tilbaud oss skyss. Me avslo på høfleg måte.
Tur til Fanaråken hadde fruen drøymt om lenge (ho har berre vore der på ski). Sykkelturen var ikkje so lang men desto skeivare. Sekken halla meir og meir mot Steindalsnosi, men me kom fram til ein flott plass å slå leir ved >>>
Botnanosi
- Datum:
- 18.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:46h
- Entfernung:
- 9,1km
Flott tur til Botnanosi, ein av postane på Årdal Turlag sin Støls- og topptrim.
Stien opp til stølen Botnen startar rett forbi garden Haug, der det er ei lita parkeringslomme på oppsida av vegen.
Går fyrst gjennom eit belte med planta granskog før terrenget opnar seg oppover. God gamal stølsveg dette. Kryssar elva på eit flatt parti etter ca. 45 minuttar.
Etter ein time var me oppe på stølen. Me heldt fram forbi selet og runda til venstre ovanfor kve-muren. Fann eit trakk der som førde oss mot bekken frå Botnavatnet. Her vart det slutt på stien. Då var det berre å ta rett opp på høgre sida av bekken over småmyrar og opp lyngbakkar. (Ser ut til å verta eit dårleg molteår forresten!)
Kryssa bekken eit stykke oppe i bakkane, og lengre oppe der terrenget byrja å flata ut >>>
Kviesjøen - Rjupeskareggen
- Datum:
- 12.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 15,3km
Karin og eg starta ved Smeddalsosen kl 12. i fint sommarsver med over 20 grader. Gjekk mot Smeddalsstølen og fylgde ein sti sørover derfrå. Her var det fleire val. Me tok den fyrste og beste og hamna litt for lågt då me nærma oss Heimre Kjeringgrovi. Tok rett opp bakkane og kom inn på den øvre stien som førte oss inn til Gravfannbotnen. På kneiken herfra og opp til Kvitsjøen var det vanskeleg å finna nokon sti, men det var vardar over ei ur rett før me kom opp på kanten. Vidare innover på nordsida av Kviefjorden med litt berg og dalbane før me kom til foten av fjellet. Gjekk opp på nordsida, uproblematisk. Som det seg hør og bør på Rjupeskareggen, såg me 3 ryper.
På returen oppdaga me ei reinsgrav like ved utosen på Kvitsjøen.
Det lynte og tordna i sør, og nedatt bakkane >>>
Mugnetinden
- Datum:
- 11.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 12,2km
Endeleg skulle me koma oss på Mugnetinden. Denne kremtoppen har stått på lista lenge, og i dag lukkast det å nå dette målet. Me køyrde over Slettefjellet og parkerte ved Mugnestølen der det er plass til eit 40-tals bilar. Godt merka og fin sti. Kom opp til dei to fyrste tjørnene etter 1 time. Ein liten kneik førde oss til eit sti-dele. Til høgre ei meir utsett løype og til venstre normalvegen. Me valde den siste inn til tjørn 1460 moh. Derfrå på skrå opp til høgre og innover mot toppen, stadig godt merka med vardar og kvite V-ar. Nådde toppen etter 2,5 timar. Meir folk her enn på gårdagens tur. Talte til 48 personar pluss 2 hundar. Flott utsiktstopp dette. Ser nesten "heile landet"! Normaltid på denne turen er 5 timar.