Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Påskeskitur til Stølsnøse

Datum:
31.03.2015
Tourlänge:
2:20h
Entfernung:
6,3km

Stølsnøse, flott utsiktspunkt ved Tyin/Tyinkrysset Turen starta frå Fv53 der gamle skiheisen ved Tyin Hotell stod. Dette er ein lett fin tur til eit fantastisk utsiktspunkt. Strålande ver og føre gjorde turen opp til Galdstjernet til ein leik. Oppe på tjernet (1173), reiser Stølsnøset seg majestetisk rett framfor oss. Me skil lag med løypa som går mot Sletningsbu, via Gullringen og nedre Årdalsvatnet og kryssar tvers over tjernet i sør-vestleg retning. Opp bakkane vart det sikk-sakkgåing. Her er det ferske spor etter breide ski i lange slake svingar og me er allereide no byrja å gleda oss til returen. Vel oppe på ryggen flatar det noko ut og me legg kursen sør-austover. Det er masse spor etter hare og rev alle stader, men me lukkast ikkje å sjå nokre av desse flotte skapningane. >>>

Karte    

Helgaturen til "Bui pao Brandrei"

Datum:
04.01.2015
Entfernung:
18,5km

Turen startar frå Aosahytta på Seimsåsen. Løypa går ned bakken mot stadion og rett fram vel 500 meter til ein kjem til krysset ved stolpen. Der svingar me inn i løypa til høgre og føl skiltinga "Paradisjuv". Alternativt er ein brå høgresving ved skistadion, rundt Åsatjørni på vestsida, forbi brattbakken som er einvegskøyrd (står skilt der) grunna fare for kollisjon. Eit par hundre meter lenger framme svingar me inn på løypa på høgre sida og deretter er det å fylgja dei blå skilta med teksten "Paradisjuv". Løypa byr på 3-4 kneikar. Desse går fint oppover, men kan vera ei utfordring ned att avhengig av føret. På turen vår var det 15-20 cm lett nysnø oppå fast snø, så det var berre ein draum å køyra ned att. Omlag midtvegs, svingar den ferdigtrakka >>>

Karte    

Fottur til Bjørnaholten

Datum:
16.11.2014
Karte    

Søndagstur på Kongevegen og Mureklopphaugen på Filefjell

Datum:
12.10.2014
Tourcharakter:
Wanderung

Karte    

Nesten skiføre ved Mjølkedalsvatnet

Datum:
11.10.2014
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
8,8km

Karte    

Ettermiddagstur til Skjeltrene

Datum:
30.09.2014
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:07h
Entfernung:
6,9km

Start ved grensestøtta på E16, mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Her er det bru over elva og me kjem på rett side av elva Grøna. Me fylgde ein bilveg så langt den gjekk og fortsette oppover i eit flott artig terreng. Ei slett mark som skrådde fint oppover med ein open bjørkeskog. På 1080 moh dukka det opp ei gamal tuft. Her fann me og stien vidare. Over skoggrensa vart det litt brattare og me fylgde rundt austsida av 1311. Vidare ryggen opp til trig-punktet på Skjeltrene og så til varden på det høgaste punktet. Den store steinen som skulle stå på høgkant midt i varden var bikka over. Me fekk han på plass og sanka nokre steinar for å skora han betre opp. Retur om varden på 1311. Kjempeflott panoramautsikt over heile Filefjell. På turen attende fann me sjølvsagt stien heilt >>>

Karte    

Småløyptene-Rausnes

Datum:
25.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,4km

Haustturen starta i 1300 m høgde vest for Småløyftvatna. Det var snødriv i lufta og skydekket låg ned til 1100 meter. Me runda Eldegardsnosi på vestsida og fylgde hellinga før me la kursen nord-vestover mot Vardenosi. Etter det, kunne me skimta høgspentlina 1220 moh. Me kom fram til øverste jakthytta på 1075 m der det smakte godt med niste og kaffi. Turen heldt deretter fram til den nedste jakthytta. Her vart det ein lengre pause, før me la turen ned fyrst etter Geithusli og seinare vestover til Geithus. Med på turen var Egil, Egil Jørgen, Bjørn og Jonny. Føremålet med turen var ei form for skattejakt utan å røpa noko meir. Me fann "skatten" og fekk han velberga i hus.

Karte    

Sovarhaugen

Datum:
21.09.2014
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
1:55h
Entfernung:
4,6km
Karte    

Stetinden

Datum:
20.09.2014
Tourcharakter:
Hochtour
Tourlänge:
7:30h
Entfernung:
12,5km

Dette var vår laurdagstur på Pakbook-treffet på Leirvassbu, eit arrangement me (Karin og eg) hadde gleda oss til heilt sidan me melde oss på tidleg på året. Og me vart slett ikkje skuffa. Eit omfattande turprogram vart gjennomført og om kveldane kunne me gleda oss over fantastiske bildeforedrag av folk som heilt klart har ”meir i ryggsekken” enn oss. Stor takk til arrangøren med Morten i spissen og vel blåst! Me hengde oss på laurdagsturen til Stetinden. Turen var opplagt som familietur og såg ut til å passa vårt nivå. Godveret frå fredagen forsvann diverre over natta og det var litt grått kring ”nevene” då turfylgjet på 20 starta frå tunet på Leirvassbu kl 09.10. Men alle var opplagde og ved godt mot. Dei fyrste 2,5 km gjekk etter anleggsvegen nedover Gravdalen. Deretter >>>

Karte    

Kveldstur til Mastrehaugfjellet

Datum:
16.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
5,2km

Det flotte haustveret lokka Karin og meg på kveldstur på Seimsåsen. Turen vart ein kombinert tytebærtur og fjelltur utan hastverk. God sikt til fjellområda kring Årdal förde til taking av ein del nye bilete. Etter å ha vore på høgaste punktet på Mastrehaugfjellet, oppdaga me på returen ein gamal, nesten attgrodd sti som eg ikkje har sett før. Det betyr at retursporet på GPS syner der stien går. Kan tenka meg å merka denne stien betre, og i tillegg setta opp ein varde på toppunktet, noko som pr. i dag ikkje finst. Frå parkeringsplassen ved Åsetetjørni og opp til varden på Biskaholten tek det vel ein halv time. Herfrå og bort til høgaste punktet på Mastrehaugflellet gjer ein fint unna på 20 min. Tytebærfangsten vart 1,75 kg.

Karte