Archive - Date
Archive - Activity
-
Bike trip (4)
- Bike trip - mixed (2)
- Bike trip - off-road (1)
- Bike trip - road (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
-
Other trip (1)
- Fishing (1)
-
Other winter trip (4)
- Snowshoe trip (4)
-
Ski trip (60)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Trip by foot (197)
- Alpine trip (2)
- Hike (114)
- Hillwalk (70)
- Walk (1)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Tisedalshøgdi i påskever og på påskeføre
- Date:
- 10.04.2015
- Duration:
- 7:40h
- Distance:
- 20.0km
Påskeskitur til Stølsnøse
- Date:
- 31.03.2015
- Duration:
- 2:20h
- Distance:
- 6.3km
Stølsnøse, flott utsiktspunkt ved Tyin/Tyinkrysset
Turen starta frå Fv53 der gamle skiheisen ved Tyin Hotell stod. Dette er ein lett fin tur til eit fantastisk utsiktspunkt. Strålande ver og føre gjorde turen opp til Galdstjernet til ein leik.
Oppe på tjernet (1173), reiser Stølsnøset seg majestetisk rett framfor oss. Me skil lag med løypa som går mot Sletningsbu, via Gullringen og nedre Årdalsvatnet og kryssar tvers over tjernet i sør-vestleg retning. Opp bakkane vart det sikk-sakkgåing. Her er det ferske spor etter breide ski i lange slake svingar og me er allereide no byrja å gleda oss til returen.
Vel oppe på ryggen flatar det noko ut og me legg kursen sør-austover. Det er masse spor etter hare og rev alle stader, men me lukkast ikkje å sjå nokre av desse flotte skapningane. >>>
Helgaturen til "Bui pao Brandrei"
- Date:
- 04.01.2015
- Distance:
- 18.5km
Turen startar frå Aosahytta på Seimsåsen. Løypa går ned bakken mot stadion og rett fram vel 500 meter til ein kjem til krysset ved stolpen. Der svingar me inn i løypa til høgre og føl skiltinga "Paradisjuv".
Alternativt er ein brå høgresving ved skistadion, rundt Åsatjørni på vestsida, forbi brattbakken som er einvegskøyrd (står skilt der) grunna fare for kollisjon. Eit par hundre meter lenger framme svingar me inn på løypa på høgre sida og deretter er det å fylgja dei blå skilta med teksten "Paradisjuv".
Løypa byr på 3-4 kneikar. Desse går fint oppover, men kan vera ei utfordring ned att avhengig av føret. På turen vår var det 15-20 cm lett nysnø oppå fast snø, så det var berre ein draum å køyra ned att.
Omlag midtvegs, svingar den ferdigtrakka >>>
Nesten skiføre ved Mjølkedalsvatnet
- Date:
- 11.10.2014
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 4:00h
- Distance:
- 8.8km
Ettermiddagstur til Skjeltrene
- Date:
- 30.09.2014
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:07h
- Distance:
- 6.9km
Start ved grensestøtta på E16, mellom Oppland og Sogn og Fjordane. Her er det bru over elva og me kjem på rett side av elva Grøna.
Me fylgde ein bilveg så langt den gjekk og fortsette oppover i eit flott artig terreng. Ei slett mark som skrådde fint oppover med ein open bjørkeskog. På 1080 moh dukka det opp ei gamal tuft. Her fann me og stien vidare. Over skoggrensa vart det litt brattare og me fylgde rundt austsida av 1311. Vidare ryggen opp til trig-punktet på Skjeltrene og så til varden på det høgaste punktet.
Den store steinen som skulle stå på høgkant midt i varden var bikka over. Me fekk han på plass og sanka nokre steinar for å skora han betre opp.
Retur om varden på 1311. Kjempeflott panoramautsikt over heile Filefjell. På turen attende fann me sjølvsagt stien heilt >>>
Småløyptene-Rausnes
- Date:
- 25.09.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.4km
Haustturen starta i 1300 m høgde vest for Småløyftvatna. Det var snødriv i lufta og skydekket låg ned til 1100 meter. Me runda Eldegardsnosi på vestsida og fylgde hellinga før me la kursen nord-vestover mot Vardenosi. Etter det, kunne me skimta høgspentlina 1220 moh. Me kom fram til øverste jakthytta på 1075 m der det smakte godt med niste og kaffi. Turen heldt deretter fram til den nedste jakthytta. Her vart det ein lengre pause, før me la turen ned fyrst etter Geithusli og seinare vestover til Geithus. Med på turen var Egil, Egil Jørgen, Bjørn og Jonny. Føremålet med turen var ei form for skattejakt utan å røpa noko meir. Me fann "skatten" og fekk han velberga i hus.