Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Botnanosi

Date:
18.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:46h
Distance:
9.1km

Flott tur til Botnanosi, ein av postane på Årdal Turlag sin Støls- og topptrim. Stien opp til stølen Botnen startar rett forbi garden Haug, der det er ei lita parkeringslomme på oppsida av vegen. Går fyrst gjennom eit belte med planta granskog før terrenget opnar seg oppover. God gamal stølsveg dette. Kryssar elva på eit flatt parti etter ca. 45 minuttar. Etter ein time var me oppe på stølen. Me heldt fram forbi selet og runda til venstre ovanfor kve-muren. Fann eit trakk der som førde oss mot bekken frå Botnavatnet. Her vart det slutt på stien. Då var det berre å ta rett opp på høgre sida av bekken over småmyrar og opp lyngbakkar. (Ser ut til å verta eit dårleg molteår forresten!) Kryssa bekken eit stykke oppe i bakkane, og lengre oppe der terrenget byrja å flata ut >>>

Map    

Nuken

Date:
17.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.7km

Map    

Rek. Runde, Hesthagen Nerredokki pluss

Date:
16.07.2019
Distance:
3.5km

Map    

Skarvemellen

Date:
13.07.2019
Distance:
4.6km

Map    

Rundemellen

Date:
13.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.5km

Map    

Kviesjøen - Rjupeskareggen

Date:
12.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.3km

Karin og eg starta ved Smeddalsosen kl 12. i fint sommarsver med over 20 grader. Gjekk mot Smeddalsstølen og fylgde ein sti sørover derfrå. Her var det fleire val. Me tok den fyrste og beste og hamna litt for lågt då me nærma oss Heimre Kjeringgrovi. Tok rett opp bakkane og kom inn på den øvre stien som førte oss inn til Gravfannbotnen. På kneiken herfra og opp til Kvitsjøen var det vanskeleg å finna nokon sti, men det var vardar over ei ur rett før me kom opp på kanten. Vidare innover på nordsida av Kviefjorden med litt berg og dalbane før me kom til foten av fjellet. Gjekk opp på nordsida, uproblematisk. Som det seg hør og bør på Rjupeskareggen, såg me 3 ryper. På returen oppdaga me ei reinsgrav like ved utosen på Kvitsjøen. Det lynte og tordna i sør, og nedatt bakkane >>>

Map    

Mugnetinden

Date:
11.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.2km

Endeleg skulle me koma oss på Mugnetinden. Denne kremtoppen har stått på lista lenge, og i dag lukkast det å nå dette målet. Me køyrde over Slettefjellet og parkerte ved Mugnestølen der det er plass til eit 40-tals bilar. Godt merka og fin sti. Kom opp til dei to fyrste tjørnene etter 1 time. Ein liten kneik førde oss til eit sti-dele. Til høgre ei meir utsett løype og til venstre normalvegen. Me valde den siste inn til tjørn 1460 moh. Derfrå på skrå opp til høgre og innover mot toppen, stadig godt merka med vardar og kvite V-ar. Nådde toppen etter 2,5 timar. Meir folk her enn på gårdagens tur. Talte til 48 personar pluss 2 hundar. Flott utsiktstopp dette. Ser nesten "heile landet"! Normaltid på denne turen er 5 timar.

Map    

Koldedalen og Uradalen med fleire

Date:
10.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.3km

Kjempeflott dag i fjellheimen saman med min kjære turven. Me tok det veldig med ro denne dagen og nytte godvêret og det utruleg flotte området. Starta ved Raudehaugen i Koldedalen etter ein halvtime med svært dårleg anleggsveg. På utosen av Uradalsvatnet etter ein time. Etter 2,5 timar var me ved nordenden av Uradalsvatnet. Her tok me opp bakkane mot skaret mellom Skarbottstinden (kartnamnet) og høgde 1693. Etter ytterlegare 1 time var me oppe i skaret. Her måtte me gå rundt på sørsida av tjernet ettersom det låg ei bratt snøfonn ned på nordsida og normalt korteste vegen. Siste etappen sørover mot mot toppunktet var grei, lett å gå på dels lange svaberg. Var på toppen kl 14.40, 4 timar og 40 minuttar etter start. Flott utsikt mot tindene våre, spesielt Falketind, Stølsnostind >>>

Map    

Grøvrunde

Date:
07.07.2019
Distance:
5.8km

Map    

Wittgensteinhuset

Date:
05.07.2019
Distance:
3.2km

Flott "kulturrunde" i Luster. Prestgarden, Wittgensteinhuset og Munthehuset med foredrag og servering i flott sumarsver.

Map