Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (1)
- Fischen (1)
-
Andere Wintertour (4)
- Schneeschuhtour (4)
- Fahrradtour (4)
-
Fußtour (196)
- Bergtour (70)
- Hochtour (2)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (113)
-
Klettern (1)
- Eisklettern (1)
-
Skitour (60)
- Langlauf (26)
- Randonnée/Telemark (5)
- Tourenskilauf (27)
Archiv - Nach Geografie
Peakbookfreunde
Lieblingsgipfel
Gamle Ylja kraftstasjon
- Datum:
- 08.08.2019
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 6,3km
Kosetur saman med barnebarn Anna. Ho kunne tenka seg å etablera eit hotell i den gamle kraftstasjonen. Etter turen vart det skissert planar om innreiing, fasadar og fasilitetar. Ein flott og spanande tur!
Fannaraaken
- Datum:
- 04.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,3km
”Dei galne (gamle) har det godt”. Med eit lite vindauge av godvêr i sikte, vart telt, soveposar og kokeutstyr frå midt på 70-talet pakka og syklar hengt på bilen fyrste laurdagen i august.
Ved destinasjon Turtagrø var det kamp om parkeringsplassane, men endeleg etter ei stund var det ein plass for oss og. Me fekk pakka på oss sekkar og utstyr og av garde bar det innover Helgedalen med Fanaråken i sikte. På veg frå parkeringsplassen mot avkøyrsla til Helgedalen stoppa ein utlending med stor medynk for oss og tilbaud oss skyss. Me avslo på høfleg måte.
Tur til Fanaråken hadde fruen drøymt om lenge (ho har berre vore der på ski). Sykkelturen var ikkje so lang men desto skeivare. Sekken halla meir og meir mot Steindalsnosi, men me kom fram til ein flott plass å slå leir ved >>>
Tenlehytta og Vardhovdtind
- Datum:
- 01.08.2019
- Entfernung:
- 15,5km
Fin tur til Vardhovdtind fyrste dagen i august.
Starta frå Grøv-stølen og fylgde V-merka rute til kryss med sti til Børrenøse. Derfrå var det T-merka sti som me fylgde til toppen av Vardhovdflenane. Deretter var det fritt fram. Har registrert turen 12 gonger på ski, men aldri på barmark. Mange reinsdyr å sjå. Me såg òg ei rypemor som passa på sine 5 små. Flott og lett terreng å gå i og god utsikt i alle retningar. Brukte litt over 3 timar opp og ca 1,5 time ned att i gangtid.
Botnanosi
- Datum:
- 18.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:46h
- Entfernung:
- 9,1km
Flott tur til Botnanosi, ein av postane på Årdal Turlag sin Støls- og topptrim.
Stien opp til stølen Botnen startar rett forbi garden Haug, der det er ei lita parkeringslomme på oppsida av vegen.
Går fyrst gjennom eit belte med planta granskog før terrenget opnar seg oppover. God gamal stølsveg dette. Kryssar elva på eit flatt parti etter ca. 45 minuttar.
Etter ein time var me oppe på stølen. Me heldt fram forbi selet og runda til venstre ovanfor kve-muren. Fann eit trakk der som førde oss mot bekken frå Botnavatnet. Her vart det slutt på stien. Då var det berre å ta rett opp på høgre sida av bekken over småmyrar og opp lyngbakkar. (Ser ut til å verta eit dårleg molteår forresten!)
Kryssa bekken eit stykke oppe i bakkane, og lengre oppe der terrenget byrja å flata ut >>>