Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Nedre Halsen (Naddvik)

Date:
20.05.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
4:01h
Distance:
7.4km

Me tok turen opp til Nedre Halsen, eit nes knappe 3 km inne i Vikadalendalen. Siste biten opp på Nedre Halsen er bratt, men det er god sti. Årdal Turlag har turpost ved Veidehølen, rett før den bratte delen, så det er heilt klart eit alternativ å snu her. I så fall er det ein fin tur for dei som ynskjer å koma seg ut av godstolen og byrja å lea på seg litt ute i terrenget. Denne gongen slo me lag med Årdal gålag og det var til saman ein gjeng på 57 personar som toga fram dalen. Startpunktet for turen er parkeringsplassen ved busstoppen på Fv 53 i Vikadalen. Det er gangveg under brua slik at ein slepp å kryssa ein trafikkert fylkesveg. Det er asfaltert veg opp til inngangen til Naddvik kraftstasjon, om lag ?? km. Derfrå er det brått venstre og inn på fin grusveg. Nokre slakke stigningar >>>

Map    

Vårskitur til Hestedalsfjellet

Date:
14.05.2015
Duration:
2:34h
Distance:
8.1km

Vårskitur til Hestedalsfjellet Me har enno ikkje lagt skia på hylla for sesongen. I mai kan ein oppleva dei flottaste skiturane oppe i høgfjellet. Tindevegen mellom Øvre Årdal og Fortun opnar for utrulege mulegheiter på dette området. Etter ein kort biltur frå Årdal eller Luster er ein midt inne ein av Noregs flottaste fjellområder, sommar som vinter. 2000 meter-tindane står der som majestetar og lokkar dristige skikøyrarar til topps. Karin og eg skal nøya oss med ein noko mindre krevjande tur, men likevel flott og spanande. Me har aldri vore på Hestedalsfjellet før og der ligg spaninga. Nytt terreng og nye ruter. I fjor på denne tida var me på Korenosi, ein omtrent like lang (kort) tur som denne, men då med atskillig mindre snø. Me starta frå bomstasjonen på Tindevegen, midt >>>

Map    

Finnsåsen

Date:
03.05.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
2:13h
Distance:
2.8km

Forrige helg gjekk turen til Åsen og Fuglåsen "ovanfor vatnet". No er det Finnsåsen "nedanfor vatnet" som står for tur. Frå Tangalandet kan ein sjå at det er bert for snø der oppe. Det er berre å få på seg tursko og høvelege klede og legga i veg. Ull underst, fleece utanpå og ei vindtett jakke i sekken. Ja, for ein liten svipptursekk er alltid greitt å ha med. Fast inventar der er ei lita veske med plaster og anna fyrstehjelpsutstyr, kart og kompass, GPS med eitt sett reservebatteri, i tillegg til mat og drikke. Startpunktet er ved vassbassenget øvst oppe på Haugane ("Tippen"). Sjå rettleiing i boks til høgre korleis du tek deg fram dit. Her er det plass til to-tre bilar, men ikkje steng tilkomsten for kommunale tenester. Starten på stien er lett >>>

Map