Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Med Årdal Gålag på Kamben

Datum:
15.04.2015
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
2,4km

Med Årdal Gålag til Moakamben. Fyrste sommarturen gjekk av stabelen i ruskever med heile 44 deltakarar. Folk er tydeleg vis gira på å koma i gang. Me starta på den store parkeringsplassen rett under Moa. Mange alternative vegar fører til toppen av Kamben, men Turleiar Gunnvor Nordås hadde på førehand funne eit alternativ utan for mange bratte og glatte kneikar. Fyrste delen gjekk på "Utladalssida". Midt oppe i bakkane kryssa me over til Moa-sida og følgde den vegen heilt opp. Kamben er eit lett tilgjengeleg turmål og dei som bur i Øvre Årdal treng ikkje eingong setta seg i bil for å nå målet. Alternativt kan ein starta ved brua som kryssar Utla ved Olmennhagen og gå dei knapt 200 trappetrina opp på Ytre-Moaplatået. Ein kan og starta frå Lykkja litt lengre framme i >>>

Karte    

Tisedalshøgdi i påskever og på påskeføre

Datum:
10.04.2015
Tourlänge:
7:40h
Entfernung:
20,0km

På påskeføre til Tisedalshøgdi

Karte    

Fagerbu

Datum:
10.04.2015
Karte    

Påskeskitur til Stølsnøse

Datum:
31.03.2015
Tourlänge:
2:20h
Entfernung:
6,3km

Stølsnøse, flott utsiktspunkt ved Tyin/Tyinkrysset Turen starta frå Fv53 der gamle skiheisen ved Tyin Hotell stod. Dette er ein lett fin tur til eit fantastisk utsiktspunkt. Strålande ver og føre gjorde turen opp til Galdstjernet til ein leik. Oppe på tjernet (1173), reiser Stølsnøset seg majestetisk rett framfor oss. Me skil lag med løypa som går mot Sletningsbu, via Gullringen og nedre Årdalsvatnet og kryssar tvers over tjernet i sør-vestleg retning. Opp bakkane vart det sikk-sakkgåing. Her er det ferske spor etter breide ski i lange slake svingar og me er allereide no byrja å gleda oss til returen. Vel oppe på ryggen flatar det noko ut og me legg kursen sør-austover. Det er masse spor etter hare og rev alle stader, men me lukkast ikkje å sjå nokre av desse flotte skapningane. >>>

Karte    

Helgaturen til "Bui pao Brandrei"

Datum:
04.01.2015
Entfernung:
18,5km

Turen startar frå Aosahytta på Seimsåsen. Løypa går ned bakken mot stadion og rett fram vel 500 meter til ein kjem til krysset ved stolpen. Der svingar me inn i løypa til høgre og føl skiltinga "Paradisjuv". Alternativt er ein brå høgresving ved skistadion, rundt Åsatjørni på vestsida, forbi brattbakken som er einvegskøyrd (står skilt der) grunna fare for kollisjon. Eit par hundre meter lenger framme svingar me inn på løypa på høgre sida og deretter er det å fylgja dei blå skilta med teksten "Paradisjuv". Løypa byr på 3-4 kneikar. Desse går fint oppover, men kan vera ei utfordring ned att avhengig av føret. På turen vår var det 15-20 cm lett nysnø oppå fast snø, så det var berre ein draum å køyra ned att. Omlag midtvegs, svingar den ferdigtrakka >>>

Karte