Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Ulsnanosi

Date:
21.08.2014
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.5km

Arild (Appiz) og eg starta frå parkeringsplassen ved Hjelle Gard i Utladalen. Her er det merka sti (DNT) opp Hjelledalen. På "Bråtet", 460 moh der taubana endar, var det naturleg med fyrste pause. Flott utsikt og ferdig med den verste stigninga. Vidare på god sti til Heimre Hjelledalen (Vårstølen) og vidare til Fremre Hjelledalen. Alle stølshusa på begge stølane er sett i stand og er nærast eit glansbilete. All ære til dei som har sett i stand husa. På vegdelet oppe i bakkane etter Fremre Hjelledalen tok me til venstre, på stien som går til Øytjørni og Morkaskardet. Med ein gong terrenget flatar ut, kjem ein til ein høg slank varde ved stien. Her tok me rett opp til venstre, retning Ulsnanosi. Me fylgde høgdene innover, kryssa eit par små "dalar" og etter >>>

Map    

Raudbergsnuten og Fossektraversen

Date:
08.08.2014
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.3km

Raudbergsnuten, like mektig og flott frå alle kantar. Raudbergsnuten er eit fjell som har stått på besøkslista i fleire år. No var tida inne til å ta turen. Utgangspunktet for turen var Sluten på Filefjell. Anleggsvegen opp Valdresdalen kan ein gå, sykla eller om ein er heldig få haik med nokon som har lov å køyra bil her. Alternativt kan ein gå Slutedalen. Sjølve toppturen for Jon Einemo og meg starta ved utløpsenden av Nedre Vikadalsvatnet. Me tok opp dalføret rett nordover mot høgde 1572, runda denne på austsida og dreia til nordvest via ein liten dalbotn. Deretter rett mot søkket like under toppen. Her var ei naturleg renne med raudt fjell i kanten av brefonna der det var fint å koma opp. Tåkeskyer som dreiv litt, hindra den store utsikten, men det var likevel flott endeleg >>>

Map    

Bonustur til Nedre Tverrberget

Date:
08.08.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
4.8km

Etter etter å ha kome attende til anleggsvegen ved Vikadalsvatnet etter Raudbergsnuten og Fossek-traversen, var dagen framleis ung, veret flott og formen det same. Me avgjorde difor å få med oss ein "bonustopp". Valet vart Nedre Tverrberget, ein pf100 som framleis var grå på kartet mitt. Me starta ved øvre enden av Nysetvatnet og brukte omlag ein time opp på høgaste punktet. Rett før toppen låg ein svær spiss stein. På toppen var det ingen varde, så me la nokre steinar oppå kvarandre for å markera toppunktet. Flott utsikt til Graveggi, Kråkebergnosi og ikkje minst Raudbergsnuten og heile Fossek-ryggen som me hadde gått tidlegare på dagen. Turdeltakarar : Jon E. og JonnyA

Map    

Grønvassnosi

Date:
02.08.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Distance:
15.4km

Grønvassnosi Kl. 10.00 parkerte me ved avkøyrsla til stølen Murane i Fardalen. Målet for dagen var Grønvassnosi. Dette er ein av 63 toppunkt i Årdal kommune med pf 100. Grønvassnosi er ein grensetopp mellom Årdal og Luster og ligg 1598 meter over havet. Med på turen var Karin, broren Idar og eg. Me tok opp på vestsida av brua der Tindevegen kryssar Fardøla, passerte Johannanosi og runda innover til Kvannegrø. Der tok me opp ei tydleg skor i fjellsida der ein kan velja urd eller gras til underlag. Me gjekk opp grasbakkane og det gjekk fint. Vel oppe på ei flate med ei fin tjørn skrådde me oppover til venstre for å koma oss oss opp på fjellryggen. Deretter var det greitt å gå innover høgdene mot dagens mål. Kl 13 stod me alle på toppen. Det var flott utsikt mot Falkanosi (Luster) >>>

Map