Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Arkiv - Etter geografi

Lister jeg samler etter

Fottur til Store Ringstinden

Dato:
05.09.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
12:00t
Distanse:
18,7km

Denne tinden er nok ein dominerande skitur-topp. Det burde han ha vore for oss og, men div. problem tvinga oss til å snu 24. Mai 2008. Etter det, har tinden lege bak i hovudet og ”murra”. Fint ver, matchande fri-skift for Arild og løyve heimanfrå stemde over eins, og då var det berre å trø til. Svært spente på bre-tilhøva la me i veg innover Ringsdalen etter å ha parkert ved enden av den vesle anleggsvegen. (demningen) Klokka var då 09.10. Etter tre kvarter kryssa me grensa til Nasjonalparken. Dersom ein er glad i steinurder, er turen herfrå og opp til brekanten rette staden. Kl. 11.45 tek me fat på det bratte partiet på austsida inne i dalen. Her er delvis merka ein oppgang som fører oss over ein høgde med varde og deretter ned til brekanten. Her frå er det fin oversikt >>>

Kart    

Ulsnanosi

Dato:
21.08.2014
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
16,5km

Arild (Appiz) og eg starta frå parkeringsplassen ved Hjelle Gard i Utladalen. Her er det merka sti (DNT) opp Hjelledalen. På "Bråtet", 460 moh der taubana endar, var det naturleg med fyrste pause. Flott utsikt og ferdig med den verste stigninga. Vidare på god sti til Heimre Hjelledalen (Vårstølen) og vidare til Fremre Hjelledalen. Alle stølshusa på begge stølane er sett i stand og er nærast eit glansbilete. All ære til dei som har sett i stand husa. På vegdelet oppe i bakkane etter Fremre Hjelledalen tok me til venstre, på stien som går til Øytjørni og Morkaskardet. Med ein gong terrenget flatar ut, kjem ein til ein høg slank varde ved stien. Her tok me rett opp til venstre, retning Ulsnanosi. Me fylgde høgdene innover, kryssa eit par små "dalar" og etter >>>

Kart    

Raudbergsnuten og Fossektraversen

Dato:
08.08.2014
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
11,3km

Raudbergsnuten, like mektig og flott frå alle kantar. Raudbergsnuten er eit fjell som har stått på besøkslista i fleire år. No var tida inne til å ta turen. Utgangspunktet for turen var Sluten på Filefjell. Anleggsvegen opp Valdresdalen kan ein gå, sykla eller om ein er heldig få haik med nokon som har lov å køyra bil her. Alternativt kan ein gå Slutedalen. Sjølve toppturen for Jon Einemo og meg starta ved utløpsenden av Nedre Vikadalsvatnet. Me tok opp dalføret rett nordover mot høgde 1572, runda denne på austsida og dreia til nordvest via ein liten dalbotn. Deretter rett mot søkket like under toppen. Her var ei naturleg renne med raudt fjell i kanten av brefonna der det var fint å koma opp. Tåkeskyer som dreiv litt, hindra den store utsikten, men det var likevel flott endeleg >>>

Kart    

Bonustur til Nedre Tverrberget

Dato:
08.08.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
4,8km

Etter etter å ha kome attende til anleggsvegen ved Vikadalsvatnet etter Raudbergsnuten og Fossek-traversen, var dagen framleis ung, veret flott og formen det same. Me avgjorde difor å få med oss ein "bonustopp". Valet vart Nedre Tverrberget, ein pf100 som framleis var grå på kartet mitt. Me starta ved øvre enden av Nysetvatnet og brukte omlag ein time opp på høgaste punktet. Rett før toppen låg ein svær spiss stein. På toppen var det ingen varde, så me la nokre steinar oppå kvarandre for å markera toppunktet. Flott utsikt til Graveggi, Kråkebergnosi og ikkje minst Raudbergsnuten og heile Fossek-ryggen som me hadde gått tidlegare på dagen. Turdeltakarar : Jon E. og JonnyA

Kart    

Grønvassnosi

Dato:
02.08.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:30t
Distanse:
15,4km

Grønvassnosi Kl. 10.00 parkerte me ved avkøyrsla til stølen Murane i Fardalen. Målet for dagen var Grønvassnosi. Dette er ein av 63 toppunkt i Årdal kommune med pf 100. Grønvassnosi er ein grensetopp mellom Årdal og Luster og ligg 1598 meter over havet. Med på turen var Karin, broren Idar og eg. Me tok opp på vestsida av brua der Tindevegen kryssar Fardøla, passerte Johannanosi og runda innover til Kvannegrø. Der tok me opp ei tydleg skor i fjellsida der ein kan velja urd eller gras til underlag. Me gjekk opp grasbakkane og det gjekk fint. Vel oppe på ei flate med ei fin tjørn skrådde me oppover til venstre for å koma oss oss opp på fjellryggen. Deretter var det greitt å gå innover høgdene mot dagens mål. Kl 13 stod me alle på toppen. Det var flott utsikt mot Falkanosi (Luster) >>>

Kart    

Skardstinden m. fleire

Dato:
23.07.2014
Distanse:
14,5km

Denne dagen var det Skardstinden som stod på timeplanen. MortenA og eg fekk med oss div. Dumhøepunkt og sjølvsagt Vesttoppen i tillegg til hovudtoppen. Reiste frå Årdal kl 06.10. og starta å gå frå Geitsetri kl. 08:15. Var på toppen kl. 16.00 etter ein del vurderingar og ruteval. Me rigga standplass for å klatra hammar nr 1, men fann ut at det tok for lang tid. Beslutta difor å gå "klyveruta". Kom oss greit til toppen men det vart diverre for seint på dagen til å gå på Nåla. Me kunne sjå mykje folk på Galdhøpiggen og rett over på Storgrovhø var det òg folk å sjå. Men på Skardstinden var me åleine denne dagen. Fekk ei durabla regnbye siste halvtimen før me kom nedatt til bilen. Klokka var då 21.30. Mykje folk over Sognefjellet og enormt mykje telt, både ved >>>

Kart    

Skeikampen

Dato:
13.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
8,5km
Kart    

Kidliknappen og Roåkerknappen

Dato:
12.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
6,0km
Kart    

Hugakøllen

Dato:
02.07.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,3km
Kart    

Krekanosi

Dato:
29.06.2014
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:00t
Distanse:
16,7km
Kart