Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Bjørnaholten

Date:
30.12.2000
Map    

Raudmelen

Date:
18.07.2000
Map    

Turlagstur, Middagshaugen, Årdalsnosi, Nosabøen

Date:
02.07.2000

På tur med Årdal Turlag. 2. juli. Tippen-Nosabøen Turen starta frå “vasskummen” på Tippen i overskya, men varmt, fint ver. Me var 3 mannfolk og 2 spreke damer. Me gjekk opp bratta til Åsen, og vidare forbi det luftige Kleppurjuvet. Vidare omtrent loddrett opp til høgspentmasta på kanten av stupet. Deretter gjekk det i fint tempo opp til Middagshaugen, der me tok hovudrasten. Det var litt skoddedottar kring fjella den dagen så bileta vart ikkje så strålande som dei kunne ha vorte. Vegen vidare til Årdalsnosi gjekk òg greitt. Der møtte me skodda, men med kart og kompass kom me oss trygt inn på stien ned til Nosabøen. Derifrå var stien nedatt til vegen mest heilt attgrodd, så me rota litt att og fram, eller opp og ned, får ein seia. Me brukte dobbelt så lang tid som til >>>

Map    

Skitur Bjørnaholten, Skredenosi, Vedabakknosi, Åsete

Date:
19.02.2000

Med Årdal Turlag på skitur Det var frammøte med privatbil ved Aosahytta på Seimsåsen. Veret var flott; klårt og stillt med - 10 grader C. Underleg nok var det berre 5 mannfolk inkl. turleiar som hadde lyst å gå denne turen, men me fekk oss ein uforgløymeleg dag ute i den flotte naturen. Skiføret var godt, og det var lett å ta seg fram. Frå Aosahytta gjekk me opp til Bjødnaholten og vidare til Skredenosi, der me hadde oss ein skikkeleg rast. Deretter gjekk turen over Vedabakknosi og vidare nedatt til Slettedalsvatnet. Så rett nedatt på Nystølen i herleg puddersnø. Deretter bar det flaksande nedatt til Åsetsvingen. Tyngste stykket var derifrå med skia på ekslene oppatt til bilane på Aosahytta. Turen tok ca. 5 timar. Johan Nes tok flotte bileter på turen. Sjå februarbilete >>>

Map