Owemigen (18.01.2024)
Fin tur gjennom tunnelen til utløpet av Owefossen (Owemigen lokalt) saman med Helge Rørvik og Anders S. Hestetun. Har snakka om denne turen sidan i fjor på denne tida. No lukkast det endeleg. Det er heilt på tampen no, med mildvær i vente med påfylgjande rasfare i Geisdalen og vassføring i tunnelen.
På våren i 1950 heldt det nybygde gjestehuset til Årdal Verk på å verta teken av flaumen i Geisdøla. Med generaldirektør Aage W. Owe i brodden, vart det bestemt å slå eit hol gjennom Finnsåsen for å avleia flaumvatn frå Geisdalen. I tillegg vart det gjort omfattande elveforebygging i heile elveleiet. Tunnelen var ferdig våren i 1951. Sidan den dag er det berre vatn fra Kyrfossbekken som har funne vegen ned det gamle elveleiet.
Tunnelen er 530m lang og har på dette strekket eit fall på omlag 100m. Denne gongen var det mykje is i tunnelen og uventa mykje vatn, trass i langvarig kulde.
Benutzerkommentare