Hausttur til Eidsfjellet (13.09.2014)


Distance 10.6km
Vertical meters 566m
GPS
Ascents Eidsfjell (1,333m) 13.09.2014
Turfylgjet samla ved varden på Eidsfjellet
Turfylgjet samla ved varden på Eidsfjellet

Det var laurdag og strålande ver. Me køyrde til Roe der det var gode parkeringstilhøve.

I starten fylgde me ein traktorveg oppover bakkane og heldt fram på god sti heile vegen. Terrenget flata ut etter kvart og me ”surfa” bortover det flotte haustfarga terrenget.
Etter knapt 1,5 time var turfylgjet kome til hytta ved søre enden av Fallstjønn (1221 moh).

Stien heldt fram på austsida av tjørna og etter å ha passert fiskehytta i nord-enden, var det berre att ein liten stigning opp til dagens turmål.
Etter 2 timars tur var alle komne opp til den store varden på toppen, 1333 moh.

Svært mange hadde funne vegen hit denne dagen og alt tyda på at Eidsfjellet er eit populært turmål. Frå toppen har ein flott utsikt til Kravikfjorden, Frygnefjorden og Norefjorden rett nedanfor oss i aust, og i horisonten i sør vest ser me Gaustatoppen.

Med i turfylgjet vårt var Jomar og Anne, Idar og Torunn og Karin og Jonny.
Ein flott tur i eit utruleg fint terreng.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.