Fottur til Store Ringstinden (05.09.2014)  6


Start point Ringsbotn (1,050m)
Endpoint Ringsbotn (1,050m)
Characteristic Hillwalk
Duration 12h 00min
Distance 18.7km
Vertical meters 1,337m
GPS
Ascents Store Ringstinden (2,124m) 05.09.2014 09:05

Seinsommarstur til Store Ringstind

Store Ringstind
Store Ringstind

Denne tinden er nok ein dominerande skitur-topp. Det burde han ha vore for oss og, men div. problem tvinga oss til å snu 24. Mai 2008. Etter det, har tinden lege bak i hovudet og ”murra”.

Fint ver, matchande fri-skift for Arild og løyve heimanfrå stemde over eins, og då var det berre å trø til.
Svært spente på bre-tilhøva la me i veg innover Ringsdalen etter å ha parkert ved enden av den vesle anleggsvegen. (demningen) Klokka var då 09.10.
Etter tre kvarter kryssa me grensa til Nasjonalparken. Dersom ein er glad i steinurder, er turen herfrå og opp til brekanten rette staden.
Kl. 11.45 tek me fat på det bratte partiet på austsida inne i dalen. Her er delvis merka ein oppgang som fører oss over ein høgde med varde og deretter ned til brekanten.

Her frå er det fin oversikt og greitt å vurdera fyrste delen av breen samstundes som me gjer eit innhogg i nistepakka.
Så er det på med stegjern og fram med isøksane. Tau og anna sikringsutstyr er tilgjengeleg på sekken dersom det skulle trengast. Her var det blåis og bresprekkane var tydlege. Me sikka oss oppover og runda sørvestover under Midtre Ringstind, framleis på blåis. Det var ein del stein som hadde rasa ned på breen her, men det såg ikkje ut som det var heilt ferske saker.

Sprekkområde på Ringsbreen
Sprekkområde på Ringsbreen

Store sprekkområder i søkket før siste brearmen opp til målet vårt kom no til syne. Me peila ut ein god og trygg passasje, og gjekk vidare på fast, hard snø oppover. Mellom 1900 og 2000 meter oh vart det ein del fram og attende for å omgå nokre store sprekker. Den øvste og største sprekken er sikkert velkjend for dei som har vore i dette området tidlegare. På avstand såg det ut som me kunne greie å koma ”på land” på nordsida av denne. Dette synte seg etter kvart å vera for vanskeleg, særleg med tanke på retur.

Då var det berre å kryssa tvers over på sørsida der me kom oss trygt inn på fjellet. Me gjekk på fjell eit stykke opp forbi den store sprekken for så å gå inn att på breen.

Deretter var det berre ”sjarmøretappen” att. No var det av med stegjern og anna tungt utstyr og vidare klyving på bratt fjell/lausurd til toppvarden. Klokka var då 16.10.

Lang tid ja, men det vart mykje på tvers oppover breen og både bilete og video skulle takast.

Under heile turen opp var det strålande ver. Då me stod på toppen, drog det seg til med skyer og skodde på dei høgaste toppane ikring oss. Det var på tide å returnera. Brukte tau og sikring på deler av returen.

"Appiz" på toppeggen
"Appiz" på toppeggen

Siste 50 metrane før me kom til utgangspunktet, var det eit vierkratt. Her fekk me dagens fyrste fall. Ei vierrot sette krokfot på meg og eg måtte ned i kneståande.

kl 21.10, nøyaktig 12 timar etter start var me attende ved bilen.
Det var då ganske mørkt, men akkurat at så mykje dagslys at me slapp å ta på hovudlyktene.

Turdeltakarar: ”Appiz ”og ”JonnyA”

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.