Lauparen frå Lauparlengda (06.05.2017)  6


Map
Ascents Lauparen (1,434m) 06.05.2017

Starta turen frå Lauparlengda kl06. Var litt usikker kor mykje det hadde rasa frå berga ned mot dalsida, men linja eg hadde sett meg ut var uberørt. Veldig fin nedkjøring til Trongbotn og var nok heldig med føret.

Nedkjøringa frå Lauparlengda
Nedkjøringa frå Lauparlengda

Frukost ved varden og fekk akkurat sola inn på flanken opp til Lauparen før oppstigninga. Stabile forhold pga kulde på natta og tok raskt skia på ryggen pga glatt skare. Tok på stegjern, men det var ikkje nødvendig da det var enkelt å bryte skarelaget. Rolig til tur opp mot toppen pga ritt seinare på dagen.

Mykje fugl i fjellet. Kom tett inn på ei Ugle, men kamera låg i sekken...
Mykje fugl i fjellet. Kom tett inn på ei Ugle, men kamera låg i sekken...

Vindstille og flott på toppen! Kunne vore her i mange tima, men ville ta nedkjøringa før sola tok for mykje i sida. Såg ut som det hadde vore to stk tidligare i år, da frå Tresfjord sia.

Utsikt mot Storfjorden og nattas soveplass ved varden på Lauparlengda
Utsikt mot Storfjorden og nattas soveplass ved varden på Lauparlengda

Nedkjøringa var nydeleg da sola akkurat hadde brutt opp skara, tok samme linja ned som opp.
Flott tur og ikkje alt for dryg når ein kan renne heilt ned til Sætra. 20-30 min ned til bilen som var parkert ved enden av asfaltert veg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.