Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Dyrhaugstindane og Nestnørdre Midtmaradalstinden

Date:
22.08.2015
Duration:
6:24h
Distance:
13.1km

Etter gårsdagens langtur passa det bra med ein relativt rolig tur over Dyrhaugstindane og til Nestnørdre Midtmaradalstinden. Enkel klyving heile vegen.

Map    

Store Midtmaradalstinden

Date:
21.08.2015
Duration:
10:36h
Distance:
34.7km

Eg hadde avtalt tur i lag med Harald, ein kamerat frå Sandane, og vi møttes ved Hjelle kl.8.30. Eg hadde med sykkel, medan han satsa på å gå/jogge inn til Vetti. Innover frå Vetti starter turen ganske lett, men så snart vi kryssa elva gjekk stien stort sett rett opp. Øyvind Brekke har ofte fortalt om denne Brendeteigen, og eg tipper han har lagt igjen eit par liter sveitte i den bakken! Det var iallefall veldig godt med ei god pause på Stølsmaradalen, og vi var begge enige om at her burde vi tilbragt natta.. Maradalsryggen er lang, veldig lang, men vi gjekk jamnt og trutt innover, og nærma oss meir og meir. Undervegs hadde vi ei fantastisk utsikt, som vart betre for kvar meter vi gjekk. Endeleg oppe på toppen kunne vi nyte både snickers og smågodt, og det som må vere ei av dei >>>

Map     5 comments

Stølsnostinden

Date:
20.08.2015
Duration:
5:39h
Distance:
16.8km

Rett etter Stølsmaradalstinden satte eg meg i bilen og køyrde mot Tyin. Humpa innover anleggsvegen, og parkerte før bommen. Sykla inn til enden av vegen. Var spent på fonna som pleier å "sperre" vegen ved eine vatnet, men denne var enkel å krysse høgt oppe. Breen under Stølsnostinden har smelta mykje, og eg kunne gå rett på sak. Artig klyving frå skaret og opp til begge toppane.

Map    

Stølsmaradalstinden

Date:
20.08.2015
Duration:
6:12h
Distance:
16.4km

Eg parkerte ved Berdalsbandet og runda rundt Austabotnmassivet. Mykje snø i Gravdalen. Flanken opp mot ryggen på Stølsmaradalstinden var enkel, og snøen bydde ikkje på problem. Flott utsikt på toppen!

Map    

Ettermiddagstur til Store Venjetinden

Date:
17.08.2015
Duration:
4:46h
Distance:
5.5km

Eg må ha meg minst ein tur til Vengetinden kvart år, og i dag var det på tide med årets tur. Fortsatt litt snø både i renna og opp mot toppen, men ingen problem å kome seg opp. Eit fantastisk sommarver, og eg kunne sitte lenge i berre shortsen på toppen. Dvs ca 2 timar. 1 t 32 min opp. Det er langt igjen til Ola Hovdenak som går opp på under timen...

Map     2 comments

Kalskråtinden

Date:
13.08.2015
Duration:
8:05h
Distance:
15.8km

Sol og nesten 20 grader = tidleg fri frå jobb. Eg parkerte ved Remmem bru, og la i veg oppover. Bratt, men fin og artig sti oppover. Oppe ved Mongevatnet fekk eg auge på dagens mål, og det vart lettgått langs vatnet. Ura opp mot toppen er stort sett fin. Kalskråtinden er pussig nok ein lite besøkt topp. Eg var andre personen som skreiv seg inn i boka i år! Og den første skreiv seg inn ein halvtime før meg...

Map     4 comments

Kulehøgda

Date:
11.08.2015
Duration:
3:30h
Distance:
16.0km

Joggetur inn og ut dalen. Krattkrig opp mot Kulevatnet. Surt og vått på snaufjellet. God trening.

Map    

Kveldstur til Bispen

Date:
10.08.2015
Duration:
2:08h
Distance:
6.4km

Kveldstur til Bispen. 44 min opp.

Map    

Giskemonibba

Date:
09.08.2015
Duration:
1:49h
Distance:
8.9km

Eit kjapt sidesprang etter ein tur til Ålesund.

Map    

Fantastiske Trollspiret

Date:
06.08.2015
Duration:
9:15h
Distance:
12.9km

Endelig var det tid for ny klatretur i lag med Ole Petter! Eit av hans store mål for sommaren har vore Trollspiret, og heldigvis kunne eg ta meg fri frå jobb denne dagen. Relativt enkel klyving opp til skaret mellom Trollspiret og Trollryggen. Ved foten av sjølve Trollspiret tok vi fram tauet. Ole Petter leda taulengda gjennom tunnellen, og opp til toppen. Etter kort tid kom eit høgt gledeshyl, og han var oppe. Vanvittig tøft å klatre opp tunnellen. Den er om lag 3-4 meter høg, og akkurat stor nok til at ein person kan klatre gjennom. Og gjennom sprekkene i sidene ser ein trollveggen nedanfor...

Map     3 comments