Archive - Date
Archive - Activity
-
Bike trip (17)
- Bike trip - mixed (3)
- Bike trip - off-road (7)
- Bike trip - road (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Other trip (2)
- Kayaking (2)
-
Ski trip (120)
- Backcountry skiing (16)
- Cross-country skiing (16)
- Randonnée/Telemark (88)
- Trip by foot (280)
Peakbook-Friends
Vindfullt på Loftskarstinden
- Date:
- 15.02.2015
Svært vindfullt på fjellet i dag! Hadde tenkt meg på Loftskarstinden, men pga vinden var det meiningslaust å fortsette vidare. Fekk uansett ein flott tur ned!
Skarven...igjen
- Date:
- 14.02.2015
Yr hadde lova strålande sol i dag, men fasiten var noko heilt anna. Det vart derfor en ny tur til Skarven. Sola dukka meir og meir fram, og til slutt vart det blå himmel og sol. Svært mykje folk ute på ski i dag!
Fredagstur til Skarven
- Date:
- 06.02.2015
Ny ettermiddagstur til Skarven. Fantastisk flott ver, og eg fekk med meg både solnedgangen og blåtimen på toppen.
Ettermiddagstur til Skarven
- Date:
- 04.02.2015
Fordelen med å jobbe seint ein dag: Då kan ein ta tidleg fri neste dag!
Slutta på jobb kl.14, og var klar til start kl.14.45. Det hadde vore folk før meg i dag, så eg hadde gode spor å gå i. Fantastiske forhold ned, med 30-40 cm nysnø!
Skarven
- Date:
- 31.01.2015
Skarven har i det siste blitt ein favoritt, og vart også dagens turmål. Dagen starta med mykje vind, men i 12-tida hadde den roa seg. Då var det berre å spenne på seg skia og kome seg oppover! Fortsatt trasig skare opp til ca 500 moh. Derfra var det fint føre. Mykje folk i området i dag!
Nesten Skarven
- Date:
- 24.01.2015
Måtte snu like før skaret pga tett snø og dårlig sikt. Rett etter eg hadde starta på turen ned lysna det sjølvsagt opp, og det vart rett så fint... Surt, men eg fekk meg iallefall ein fin tur ned.
Skarven
- Date:
- 20.01.2015
I dag slutta eg tidlig på jobb, og reiste rett til fjells. Hard skare oppover frå skytebana og nesten opp til Skarsetra. Videre oppover var det fantastiske forhold! Eg fulgte godt oppgått spor etter helga. Vind på toppryggen. Artig nedkøyring.