Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Moanebba og Sæternebba

Date:
29.11.2014
Duration:
4:50h
Distance:
12.0km

Fin tur over Moanebba, ned i Unhjemsbotnen og opp på Sæternebba.

Map    

Lunsj i Stabbeskaret

Date:
22.11.2014

Flott tur til Stabbeskaret. Sat der og spiste god mat og "varma" oss i sola. Kald og klar luft, og som vanleg fantastisk flott utsikt!

Map    

Skarfjellenden

Date:
16.11.2014
Duration:
3:39h
Distance:
6.6km

Flott tur opp til Skarfjellenden. Ein del is øverst i renna, men det gjekk fint å kome seg opp. Kald vind på toppen, men vi fann le bak toppvarden og kosa oss med medbragt omelett. Flott å kunne nyte ein god lunsj ute på nesten 1400 moh midt i november!

Map    

Middagstinden

Date:
14.11.2014
Duration:
6:25h
Distance:
8.3km

Ole-Petter hadde meldt sin ankomst i Rauma, og då tok eg meg fri frå jobb denne fredagen, og vi avtalte at Middagstinden var eit passande og fristande turmål. Vi starta frå Bøstølen og fulgte ein sti nokre meter, før vi endte opp i bushen. Krattkrangling og bratte motbakkar er ikkje det artigaste, men vi kom oss jo oppover. Etterkvart kom vi over skoggrensa og opp på ryggen som førte til topps. Siste stykket møtte vi på litt snø og is, men vi kom oss enkelt til topps. Ikkje bruk for stegjern. Kald vind på toppen, men vi satte oss i le og åt opp nistepakka.

Map    

Heim frå jobb - over Nesaksla og Høgnosa

Date:
10.11.2014
Duration:
2:08h
Distance:
8.2km

Tok snarvegen heim over fjella etter jobb i dag. Fin temperatur, og nesten ikkje snø eller is.

Map     2 comments

Mosætra

Date:
08.11.2014
Map    

Moanebba

Date:
05.11.2014
Map    

Moanebba

Date:
01.11.2014

Treningstur til Moanebba i alt anna enn vintertemperatur. Gradestokken i bilen viste 15 grader då eg kom nedatt til bilen. Snøen som har kome på toppane forsvinn nok ganske snart..

Map