Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Skarven - Årets første skitur

Dato:
22.03.2014
Turlengde:
2:59t
Distanse:
8,8km

Endeleg kunne eg spenne på meg skia og traske til fjells! Årets første skitur vart lagt til Skarven i Skorgedalen. Eg var førstemann til topps i dag, men etter meg møtte eg 20-30 personar...

Skarven og Bolfjellet

Dato:
02.03.2014
Turlengde:
4:27t
Distanse:
19,7km

Enkel, men ganske lang tur frå Nysetra. Fint å gå i myrete terreng no som alle myrer er frosne. Surt og kaldt på toppane, men det var uansett ein fin tur!

Kart    

Svartebottstinden

Dato:
01.03.2014

Utgongspunktet for turen er det same som for Grisetskolten. Denne toppen er litt meir kjent, og det er merka opp til parkeringa frå fjorden. Opp gjennom skogen fekk eg raskt opp varmen, og antrekket måtte regulerast ganske kjapt. Oppe på Førnakkjin møtte eg sola, og då vart det endå varmare... Herfrå går stien vidare opp gjennom ein tynnare og tynnare fjellbjørkeskog, heilt til terrenget flatar ut og ein kjem til eit stiskille. Her er det merka mot Grisetskolten og Ølmannstind. Eg gjekk vidare delvis på skare og ur, og kom meg enkelt til topps. Eg hadde for sikkerheits skuld med både stegjern og isøks, men desse fekk eg ikkje bruk for. Oppe på toppen var det vill utsikt i retning Dronninga og Kongen, og ikkje minst Svartebottsvatnet 700 meter rett under meg. Eg hadde også førsteklasses >>>

Kart    

Breidviksetra

Dato:
24.02.2014
Kart    

Nyseterskarven

Dato:
21.02.2014
Turlengde:
2:45t
Distanse:
8,0km

Starta ved grustaket og fulgte sti til Hegerholmsetra og Einangsetra. Fulgte deretter stort sett ryggen til topps.

Kart    

Bollen og Lyngstadfjellet

Dato:
16.02.2014
Kart    

Sandnestindan

Dato:
15.02.2014
Turlengde:
4:45t
Distanse:
12,4km

Besøk hos svigermor på Eide treng ikkje berre bety mykje god mat og kaker. Eg bestemte meg derfor for å ta ein tur over Sandnestindan. Då vi kom køyrande over Fræneidet hoppa eg av ved parkeringa til Trollkyrkja. Eg stoppa sovidt ved Trollkyrkja, som er blant av Sør-Norges lengste grottesystem, men tok ikkje turen inn denne dagen. Vidare gjekk turen opp mot den vestre delen av Trolltindane. Det blåste godt og var ganske surt, men heldigvis ingen skodde. Eg var litt spent på egga opp til, og ned att frå, sjølve Trolltinden, men den viste seg å vere heilt uproblematisk. Vidare vart det mykje opp og ned over Stordalstinden, Blåfjellet, Hældalstinden og Snipa. Det gjekk fint å gå med joggesko med broddar, men enkelte plassar var det litt ekkelt med nokre bratte og knallharde snøfelt >>>

Sjøvdøla og Helvetestind

Dato:
08.02.2014
Turlengde:
33:31t
Distanse:
22,6km

Denne helga kom Øyvind Brekke på besøk til Isfjorden, og han var veldig gira på eit par flotte Romsdalsfjell. Hovedmålet vart Sjøvdøla, og vi såg for oss ei natt på Svartvassbu. Vi inviterte også med ei fjellgal venninne, og kl.8.30 på laurdag var vi klar til start ved Rabben innerst i Grøvdalen. Det er som kjent lite snø i området no, og vi møtte ikkje snøen før etter eit par hundre høgdemeter. På ca 450 moh vart det sopass hard og glatt snø, så her bestemte vi oss for å ta på stegjerna. Videre fulgte vi stort sett den merka sommerruta opp til Svartvassbu. Det var fantastisk å sjå at den eine kjente stortoppen etter den andre kom til syne, og spesielt var synet opp til Juratind flott! Oppe på Svartvassbu tok vi ei matpause, og tømte sekkane for unødvendig vekt, og >>>

Snortungen vestre

Dato:
02.02.2014
Turlengde:
2:10t
Distanse:
6,9km

Ettermiddagstur til Breidviksetra og vidare opp mot den vestre delen av Snortungen. Eit lite toppunkt, men frå setra (og frå Åndalsnes) er toppen ganske dominerande.

Lundsfjellet og Nøta

Dato:
28.01.2014
Turlengde:
1:40t
Distanse:
5,0km

Alt håp er som kjent ute, og då kan ein ikkje berre sitje og gnure på eit kontor og sjå ut på solfylte fjelltoppar! Derfor slutta eg tidleg i dag, og satte kursen mot Vågstranda. Eg hadde sett meg ut to skogkledde åsar som kunne passe fint i dag. Nesten heile Lundsfjellet er verna som barskogreservat, og eg var ganske spent på både naturen og om eg ville få noko utsikt. Eg parkerte nedanfor garden i Brudeskaret, og fulgte merking mot Lundsfjellet og Helgestø. Raud merking heilt til topps, men stien er ellers noko utydeleg og eit bevis på lite ferdsel. På toppen fekk eg gløtt av både fjord og fjell, og spesielt var utsikta mot Venjestindan og Trolltindan flott. Artig med trolsk skog i forgrunnen og majestetiske toppar i bakgrunnen. Etter å ha returnert ned same vegen til Brudeskaret >>>

Kart