Sjøvdøla og Helvetestind (08.02.2014)


Duration 33h 31min
Distance 22.6km
Vertical meters 3,188m
GPS
Ascents Søndre Gråfjell (1,227m) 08.02.2014
Helvetestinden (1,373m) 08.02.2014
Sjøvdøla (1,719m) 08.02.2014
Svartehøgda (988m) 08.02.2014
Svartevasshøgda (999m) 08.02.2014
Visits of other PBEs Svartvassbu (900m) 08.02.2014

Denne helga kom Øyvind Brekke på besøk til Isfjorden, og han var veldig gira på eit par flotte Romsdalsfjell. Hovedmålet vart Sjøvdøla, og vi såg for oss ei natt på Svartvassbu. Vi inviterte også med ei fjellgal venninne, og kl.8.30 på laurdag var vi klar til start ved Rabben innerst i Grøvdalen. Det er som kjent lite snø i området no, og vi møtte ikkje snøen før etter eit par hundre høgdemeter. På ca 450 moh vart det sopass hard og glatt snø, så her bestemte vi oss for å ta på stegjerna. Videre fulgte vi stort sett den merka sommerruta opp til Svartvassbu. Det var fantastisk å sjå at den eine kjente stortoppen etter den andre kom til syne, og spesielt var synet opp til Juratind flott!

Oppe på Svartvassbu tok vi ei matpause, og tømte sekkane for unødvendig vekt, og la i veg oppover i retning vatnet på 1014 moh. Vi fulgte først nordryggen mot Nyheitind, før vi skråa austover, kryssa under breen og deretter fulgte nordryggen til topps på Sjøvdøla. Etter mange timar på tur, og omtrent 1600 høgdemeter var det vanvittig godt å kome til topps og nyte utsikta! Det var langt på dag, og vi måtte prøve å kome oss ned før mørket var over oss. Det går heldigvis raskare ned enn opp, og det var fint å gå siste halvtimen mot hytta i måneskinnet.

Alt smakar bedre på tur enn heime, og pølsegryta frå Toro smakte i dag veeldig godt! Helene er konditor, og på forhånd hadde vi hinta om at ho gjerne kunne ta med seg litt godsaker frå bakeriet. Til dessert vart det dermed oerokake og bringebærostekake. Fantastisk godt!

På søndagen vakna vi av at vinden reiv godt i hytta, og det hadde yr forberedt oss på. Vi måtte likevel ut på tur, og vi pakka og gjorde oss klar for ein tur til Helvetestind. Svartvassbu består av to hytter, hovedhytta og ei nødbu. Vi bodde i nødbua, som er den nyaste og like stor som hovedhytta. I den andre bodde to andre som eg såvidt helste på kvelden før. For å betale for overnattinga måtte vi ned til hovedhytta, og då oppdaga eg at det låg att ein mobiltelefon og eit VISA-kort etter dei som hadde overnatta. Kva gjorde vi no, skulle vi ta det med eller ville dei kome tilbake og hente det? Vi såg at dei var godt på veg opp mot Helvetestind, men via ei anna rute enn vi hadde tenkt å gå. Etter ein kort diskusjon bestemte vi at eg skulle legge i veg og prøve å kome til topps før dei returnerte ned frå toppen frå den andre sida. Gårsdagens tur sat godt i kroppen, og det svidde godt i låra på veg oppover motbakkane. Då eg kom til Gråfjell på 1227 moh såg eg dei stod på toppen. "Ah, dette rekk eg aldri", tenkte eg. 5-10 minutt før eg ankom toppen såg eg at dei forsvann, og då måtte eg berre prøve å gi på det eg hadde. Då eg kom til topps var det ingen å sjå, men eg fulgte fotspora nedover eggen og til slutt oppdaga eg dei 20 meter ned i flanken nedanfor egga. Der fekk eg heldigvis kontakt, og Kristin fekk tilbake mobiltelefon og kort. No kunne alle puste letta ut: spesielt Kristin som skulle vidare med fly til Oslo, og eg som endeleg fekk kvile meg..

Litt etterpå kom Øyvind og Helene til topps, og vi kunne nyte utsikta før vinden vart for kald og tvinga oss ned frå fjellet. Vi vurderte å legge returen via Styggeværshaugen og Risbrekka, men vinden og klokkeslettet gjorde at vi tok kortaste veg tilbake, og vi var ved bilen ganske nøyaktig kl.18.

PS: Eg slo på GPS`n litt seint på søndagen..

User comments

  • -
    avatar

    Lite snø

    Written by Þróndeimr 20.02.2014 21:07

    Fint! Nesten nøyaktig ett år siden jeg gikk opp fra Rabben og opp dalen, da var det enormt mye mer snø! I løpet av 2 timer så jeg vel 11 snøras gå ned øst-sidene på Helvetestinden, så det så ut som et helvette der oppe ja!

    • -
      avatar

      Sv: Lite snø

      Written by JPV100 20.02.2014 21:33

      Ja, eg leste om den turen din. Det var motsatte forhold i år. Null rasfare, men stor glifare på skaren... Vi får håpe på fleire snøfall framover!

  • -
    avatar

    Mange

    Written by Olepetter 11.02.2014 15:43

    lekre fjell på bildene her, gitt! Og siste er jo bare herlig!

    • -
      avatar

      Sv: Mange

      Written by JPV100 11.02.2014 15:47

      Det ER mange lekre fjell i Romsdalen :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.