Stegjernstur til Klauva (11.01.2014)


Map
Ascents Klauva (1,512m) 11.01.2014
Søre Klauva (1,356m) 11.01.2014

Eg parkerte ved skytebana litt over kl.8, og før eg gjekk ut av bilen viste gradestokken -11 grader. No ligna endeleg januar på seg sjølv! Eg pakka trugene på sekken og rusla med hodelykt i retning Loftskarsætra. Rett før sætra var det veldig isete og glatt, og eg bestemte meg raskt for å ta på stegjerna. Videre oppover i retning skaret mellom Skarven og Søre Klauva er det tungt og bratt, og utsikta bak meg lokka meg til å ta mange pauser. Oppe i skaret la eg frå meg trugene, dei kom eg ikkje til å få bruk for.

Videre opp mot Søre Klauva er det enkelt, og undervegs måtte eg ta av stegjerna pga lite snø. Det vart ingen lang pause på toppen, sidan eg skulle vidare mot Klauva. På veg ned til skaret måtte stegjerna på og isøksa fram, og med slikt utstyr gjekk det fint å kome seg ned. Opp mot Klauva var det tungt, men enkelt, og vel oppe på toppen skifta eg raskt til tørt tøy og fekk på meg dunjakka. Og endeleg kunne eg nyte den gode nistepakken, og med førsteklasses utsikt!

Returen ned gjekk same vegen, og eg beheldt stegjerna på til eg hadde passert Loftskarsætra. Eg såg masse skispor til og frå Galtåtind...men eg skjønar ikkje at folk tør å renne på ski på slikt føre...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.