Presten, Prosten og Blåtindane (04.01.2014)


Map
Ascents Blåtindane (1,092m) 04.01.2014
Blåtindane midtre (1,071m) 04.01.2014
Blåtindane nordre (1,023m) 04.01.2014
Presten (1,162m) 04.01.2014
Prosten (1,261m) 04.01.2014
Vassfjellet (1,075m) 04.01.2014

Under lunsjen på fredag kom to kollegaer og spurte om eg var interessert i ein fjelltur i Måndalen i helga. Det var eg sjølvsagt veldig lysten på, og turmålet (Prosten, Svartevassegga og Trolltinden) høyrdest veldig spennande ut!
Vi parkerte ved Moen i Måndalen i 8-tida, og var raskt i gang oppover skogsvegen i retning Mosetra. Oppe på setra pakka vi ned hodelyktene, og satte kursen mot Vassfjellet. Her fann vi raskt ut at stegjerna måtte på, og vi traska oss i fint driv opp til Vassfjellet. Her vart vi møtt av flott utsikt, men også sterk vind. Egga vidare opp mot Presten og Prosten såg litt ekkel ut, spesielt på det vinterlege føret, men ting er ofte lettare enn det ser ut på litt avstand, og i 12-tida stod vi endeleg på Prosten.

Etter ei kort matpause bestemte vi oss for å droppe Svartevasstind og Trolltinden, og heller gå ned via Blåtindane. Egga vestover frå Prosten såg i utgongspunktet ikkje så vanskeleg ut, men den bydde på visse problem. Ca halvegs fann vi ut at det ville vere like fornuftig/dumt å gå rett ned ei renne på sørsida av egga. Dermed var det på med stegjern og forsiktig gange ned renna. Trygt nede ved Venåsdalsskaret var det enkelt, men slitsomt, opp og ned over Blåtindane. Turen nedatt mot Venås gjekk raskt unna, og då gjenstod berre ein 3,5 km lang marsj langs vegen ned til Moen...

Takk for ein flott tur!

User comments

  • -
    avatar

    Vakre farger, ja!

    Written by Olepetter 05.01.2014 10:19

    Så det går rimelig greit med fotturer fortsatt, med tanke på snøen? Hvor høyt må en i området før det er mest praktisk med ski nå, mener du?

    • -
      avatar

      Sv: Vakre farger, ja!

      Written by JPV100 05.01.2014 14:30

      Det er egentlig bedre å gå utan ski slik det er her no. På turen i går var det berre ned i dalane det var skiføre, ellers var det for lite snø, eller knallhard snø. Truger med "stegjern" er midt i blinken.

  • -
    avatar

    Fine farger

    Written by hmsv1 05.01.2014 07:11

    Ser ut som at du var heldig å se så fine fargerike skyer! Flott å lese om din spennende tur, det er et vakkert område :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.